annonse

Trailer stod fast på Bømlabrua

BØMLABRUA
BØMLABRUA: Ein trailer skal ha stått fast på Bømlabrua tysdag morgon. (Foto: Statens vegvesen)

I sjutida tysdag morgon fekk politiet inn varsel om at ein trailer stod fast på Bømlabrua.

Henrik Mundal Andreassen

– Me har vore i kontakt med vegtrafikksentralen og etter det me veit står han der framleis, sa vaktsjef Andre Skram Hansen ved politistasjonen i Haugesund til Sunnhordland klokka 07.22.

Ikkje lenge etterpå såg derimot traileren ut til å ha køyrt vekk på eiga hand, og politiet sendte difor ikkje ut patrulje til staden.

Det kan sjå ut til at traileren har komt seg vidare sjølv. Det er heller ingen trailer å sjå på vegvesenet sine nettkamera frå Bømlabrua.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut