annonse

Travel natt for politiet

POLITI
POLITI: Det vart mykje ordensoppdrag på politiet natt til pinsedag. (Foto: Henrik Mundal Andressen/Arkiv)

Mykje fyll førte til fleire ordensoppdrag og meldingar natt til pinsedag.

  • Ingvild Eide

– Det er jo pinseaften og då er det ein del som er ute. Så det har vore mest på berusing, fortel vaktsjef André Skram Hansen ved Haugesund politistasjon. 

Det første forhaldet var klokka 21 då ein mann i tjueåra vart vist vekk frå Leirvik sentrum.

– Det var først fordi han hadde vore aggressiv og kverulerande overfor nokre vaktar på ein utestad. Han fekk pålegg om å fjerna seg frå området, men braut det. Det endte med at politiet køyrde han heim og han vart meld for å ikkje etterfølgja pålegg frå politiet,  seier Hansen. 

Ordensproblem

Det same var tilfelle klokka 22.15 då ein mann i 30-åra prøve å koma seg inn på ein utestad. Han var for berusa og fekk ikkje koma inn.

– Han fekk pålegg om å forlata sentrum, men klarte ikkje å etterkoma det og kom seg ikkje ut av sentrum. Det vart eit ordensproblem og politiet køyrde han heim.

Også han vart meld for å ikkje etterkoma pålegg frå politiet. 

Overstadig berusa

Klokka 01.10 var det ei overstadig berusa jente i tjueåra som var for berusa til å vera på utestaden.

– Det løyste seg med at ho vart henta av venninne, seier vaktsjefen.

Klokka 03.00 fjerna politiet to personar i tretti- og tjueåra frå Leirvik sentrum fordi dei var berusa og kranglete. 

– Klokka 03.00 var det også knuffing mellom to personar, men det løyste seg med at den eine tok taxi heim, fortel Hansen. 

Les også: Fleire rusa mindreårige

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut