annonse

Tre bortvisningar

Ulukke:
Ulukke: Laurdag kveld skjedde det ei trafikkulukke på Føyno. Dette er eit illustrasjonsfoto frå arkivet. (Foto: Arkiv)

Laga uro på byen.

  • Ole Alexander Saue

Det har vore ei roleg natt til søndag i Sunnhordland, men i tidsrommet 02:00 til 02:25 skjedde det ting både i Leirvik og Bremnes sentrum.

Klokka 02:05 vart ein mann i 20-åra bortvist frå Leirvik sentrum som følgje av at han var for berusa.

Berre fem minuttar seinare måtte nok ein mann i 20-åra forlata sentrum

– Han var berusa og kranglete, skriv politiet på Twitter.

Klokka 02:25 var det på Bremnes at ein mann, òg i 20-åra, vart innsatt i arresten.

– Han var berusa og ute av stand til å ta vare på seg sjølv, skriv politiet på Twitter. Forholdet vart likevel ikkje meldt.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.