annonse

Trekkjer seg etter konflikt med eigen varaordførar

TREKKJER SEG
TREKK SEG: Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø (H). (Foto: MARIUS KNUTSEN/ARKIV)
KJENNER SEG IKKJE ATT
KJENNER SEG IKKJE ATT: Varaordførar i Kvinnherad, Hans Inge Myrvold (Sp). Her frå eit debattmøte. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV)

Avtroppande Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø (H) fortel at han gjev seg på grunn av personkonflikt med varaordførar Hans Inge Myrvold (Sp).

Ingvild Siglen Berger

– Det er varaordføraren min som er den viktigaste årsaka til at eg ikkje stiller til attval, seier han til NRK Hordaland.

Nyheita om at Sjo Slettebø trekkjer seg som ordførarkandidat for Kvinnherad Høgre, slo ned som lyn frå klår himmel då den vart offentleggjort i starten av juni. Det politiske miljøet i Sunnhordland var i sjokk over Høgre-politikaren si avgjerd.

KJENNER SEG IKKJE ATT
KJENNER SEG IKKJE ATT: Varaordførar i Kvinnherad, Hans Inge Myrvold (Sp). Her frå eit debattmøte. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV

– Gjennom desse fire åra som ordførar har eg aldri fått ein ubehageleg telefon eller melding av ein innbyggjar. Det eg har blitt sliten av er det politiske spelet, det eg blir gjeve av motiv, sa han til Sunnhordland då saka vart kjend.

Bakgrunn: Trekkjer seg som ordførarkandidat

Både i NRK og Kvinnheringen snakkar no Sjo Slettebø ut om nokre av årsakene til at han ikkje vil halda fram som ordførar. Han beskriv eit politisk klima som har vorte for tøft, og eit problematisk samarbeid med eigen varaordførar.

– Eg har opplevd at me har hatt et godt samarbeid, hatt fortrulege samtaler og blitt einige om korleis saker skal løysast, før eg har fått krass kritikk av den same varaordføraren utan at eg har vore budd på det, uttaler Sjo Slettebø til NRK.

Mellom anna den såkalla rådmann-saka vert trekt fram som døme.

– Den var krevjande, men me kom oss gjennom. Men det har forsterka seg sidan den gongen. Det er den siste delen av perioden som har gjort at eg tok dette valet, forklarte Sjo Slettebø til Sunnhordland i juni.

Varaordførar Myrvold avviser skuldingane og er skuffa over kritikken.

– Eg kjenner meg ikkje att i påstandane. I dei sakene me har vore ueinige i, har eg vore tydeleg overfor ordføraren om kor stor avstanden har vore, seier han til NRK.

– Eg opplever at eg og Slettebø har utført samarbeidet rundt pliktene våre for kommunestyret på ein god måte, seier Myrvold til Kvinnheringen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut