annonse

Trekkjer seg frå styret

Bråk
Bråk: Det har vore mykje intern uro, og økonomiske problem i Stiftina Folgefonnsenteret, noko som gjer at styreleiar Knut Førland, og nestleiar Sigrid Brattabø Handegard, no har trekt seg. (Foto: )

Styreleiar og nestleiar trekkjer seg frå styret i Stiftinga Folgefonnsenteret.

Magne Kydland

Styreleiar Knut Førland (representant for Kvinnherad kommune) og nestleiar Sigrid Brattabø Handegard (representant for Jondal kommune) orienterte torsdag styret i Stiftinga Folgefonnsenteret at dei  trekkjer seg som styremedlemmer.

Bakgrunnen er manglande samhandling og ulikt syn i styret på kva som er den beste strategien for å løysa dei økonomiske utfordringane i Stiftinga Folgefonnsenteret.

– Det at styreleiar og nestleiar trer tilbake, er eit tydeleg signal om at styret og stiftarane må ta ei evaluering på styrearbeidet. I samband med dette vil det også vera naturleg å vurdera om dagens styresamansetjing er den beste. Sjølv om ting akkurat no verkar utfordrande, er det ingen grunn til å sjå mørkt på situasjonen. Folgefonnsenteret har eit fantastisk potensial som formidlingsarena med fokus på klimaendringar og berekraft. Det tette samarbeidet som er etablert med Universitetet i Bergen og dei to verdsleiande forskingsmiljøa, Bjerknessenteret og Havforskingsinstituttet, representerer unike mogelegheiter for regionen vår. Dette må me ikkje skusla bort gjennom intern usemje, seier avtroppande styreleiar Knut Førland i ei pressemelding.

Nyleg sa også dagleg leiar Ivar Baste opp si stilling ved senteret som ligg i Rosendal.

– Manglande samhandling i styret om fleire viktige saker har skapt dårlege samarbeidsforhold, og gjort styrearbeidet unødvendig krevjande. Lysta og viljen til å stå på vidare er borte, og då har eg ikkje noko anna val enn å trekkja meg frå styret, seier avtroppande nestleiar Sigrid Brattabø Handegard.

Både Førland og Brattabø Handegard beklagar at dei finn å måtta trekkja seg frå styret i ein krevjande fase for Folgefonnsenteret.

– At dette kjem opp berre ein månad etter at dagleg leiar sa opp stillinga gjer det heile ekstra beklageleg, men midt oppi det heile må me no først og fremst tenkja på kva som er det rette å gjera for oss reint personleg, skriv dei to i pressemeldinga.

magne@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut