annonse

Trygdesvindel for 29 millionar

Svindel
Svindel: 139 personar blei melde for trygdesvindel i Hordaland i fjor. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

Nav melde 139 personar for trygdesvindel i Hordaland i 2017.

Hilde Vormedal Nybø

Det er ein auke samanlikna med 2016. Svindel av dagpengar og arbeidsavklaringspengar (AAP) toppar statistikken.

Begge ytingane skal vera inntektssikring når ein er utanfor arbeidslivet i ein periode. Dei fleste er meldt til politiet fordi dei har arbeida og motteke løn som ikkje er i samsvar med trygdeytinga, skriv Nav i ei pressemelding.

Totalt er 109 personar politimeldt for slik svindel for til saman 19,3 millionar kroner. Svært mange av dei har jobba utan å melda frå om dette til Nav.

– Det er alvorleg når nokon misbruker velferdsgode til eiga vinning. Dei som forsøkjer å svindla bør merka seg at me har gode metodar for å avdekkja slike saker, seier avdelingsdirektør for Nav Kontroll vest, Gerda Sirnes.

52 prosent av sakene i Hordaland er avdekte gjennom å samanlikna inntektsopplysningar med informasjon brukaren sjølv har gjeve Nav. Etter at a-ordninga blei innført i 2015, må alle arbeidsgjevarar levera inntektsopplysningar for sine tilsette kvar månad. Dette har Nav tilgang til.

– Kontrollane våre blir stadig meir målretta, og dei som vel å gje feil opplysningar til Nav tek ein stor risiko for å bli oppdaga, seier Sirnes.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut