annonse

Tunnelen stengt etter melding om røykutvikling

STENGT
STENGT: Eit vogntog fekk problemar i Bømlafjordtunnelen onsdag ettermiddag. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV)

Vogntog fekk problem i Bømlafjordtunnelen onsdag ettermiddag.

Henrik Mundal Andreassen

Onsdag ettermiddag klokka 17:25 meldte Vegtrafikksentralen Vest at Bømlafjordtunnelen måtte stengjast.

– Bømlafjordtunnelen er stengt på grunn av eit vogntog som har stansa, med mogeleg røykutvikling, skreiv vegtrafikksentralen på Twitter.

Brannvesenet rykte også ut, i tillegg til ein politipatrulje, opplyser operasjonsleiar Toralv Skårland i Sør-Vest Politidistrikt på telefon til Sunnhordland.

– Den første meldinga me fekk gjekk på at det var røykutvikling i tunnelen. Etter nærare ettersyn viser det seg å ha vore eit problem med eit kjøleanlegg om bord i ein lastebil eller eit vogntog, der det kom damp ut av anlegget, seier Skårland.

Klokka 17:56 melde Vegtrafikksentralen på Twitter at Bømlafjordtunnelen hadde opna att for trafikk.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut