annonse

Tusenvis deltok på Storapride

PARADE
PARADE: Ordførar Gaute Epland og Stord SU-leiar Tara Wiers Kvamme gjekk først i paraden. (Foto: MAGNE KYDLAND)
STORAPRIDE
STORAPRIDE: Hundrevis møtte opp for å vera med på verdas første Storapride. (Foto: MAGNE KYDLAND)
MED
MED: Fleire titals organisasjonar og bedrifter har slutta seg til arrangementet. (Foto: MAGNE KYDLAND)

Reine 17. mai-stemninga på Leirvik laurdag. Sjå video av paraden!

Magne Kydland

Vêrgudane spelte på lag, og tusenvis av menneske møtte opp på historias første Storapride, som gjekk av stabelen på Leirvik laurdag.

Anna Sofie Ekeland Valvatne frå Stord Sosialistisk Ungdom (SU), som var hovudarrangør, kunne ikkje dy seg då ho ønskte folket velkomne:

– Eg trur nokon må ha bede for oss sidan det er så fint vêr!

Ordførar Gaute S. Epland var også glad for å sjå så mange frammøtte.

– Flott å sjå at så mange kjem for å kjempa for mangfald, openheit og fellesskapet, sa Epland – før han fortale litt om Pride-historia, som starta i USA på slutten av 1960-talet.

– I dag har dette spreidd seg utover, og til mindre byar som Stord. Og i dag er pride ein fest, ikkje berre for dei skeive, men for folk flest, for næringslivet og samfunnslivet elles. Heldigvis er det ikkje lenger slik at ein anten må skjula det, eller flytta til storbyen, om ein er homofil på Stord, men likevel er det ein veg å gå. Me har dei siste dagane lest i lokalpressa om personar som ikkje føler seg velkomne fordi dei er annleis. Eg vil at Stord skal vera ein god og trygg stad å bu for alle, uansett legning, sa Epland – før toget starta.

Då gjekk nok i overkant av 1.000 personar, men etter kvart slengde publikum seg på, slik at det har vore minst 2.000 personar i toget, pluss alle som stod langs løypa og såg på.

Sjå video av paraden: 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut