annonse

UiS vil avslutta fusjonsprosessen

: UiS ønskjer å avslutta fusjonsprosessen med HSH. F.v. direktør ved UiS, John B. Møst, rektor ved HSH, Liv Reidun Grimstvedt, direktør ved HSH, Tage Båtsvik og rektor ved UiS, Marit Boyesen.

Universitetsdirektør John B. Møst vil avslutta fusjonsprosessen mellom Universitetet i Stavanger og Høgskolen Stord/Haugesund.

  • Thea Idsøe

Universitetsdirektøren ved Universitetet i Stavanger, John B. Møst tilrår UiS-styret å avslutta fusjonsprosessen med HSH. Dette kjem fram i ei pressemelding frå universitetet fredag ettermiddag.
 

Mangel på felles fusjonsplattform

UiS har styremøte søndag 21. juni, her skal saka formelt behandlast. I si vurdering i saksframlegget nemner mellom anna Møst mangel på semje i ei felles fusjonsplattform innan tidsfristen som årsak. 
 
 
-  Universitetsdirektøren registerer at det er manglande vilje i HSH til å finna ordningar som styret ved UiS har satt som forutsetnad for fusjon og eit innhald i ei felles fusjonsplattform. Vidare tek universitetsdirektøren på alvor den skepsisen som er i fagmiljøa ved UiS for fusjonen, heiter det vidare i saksframlegget 
 
 
Møst kjem med følgjande forslag til vedtak: 
 
Universitetsdirektøren ber om at styret sluttar seg til hans vurdering  og fremjar følgjande forslag til vedtak: Styret vedtek å avslutta fusjonsprosessen med HSH. 

Levande campus som fanesak

Høgskuledirektør Tage Båtsvik ved Høgskolen Stord/Haugesund meiner ikkje at HSH har vore for kravstore. 
 
- No ha me forhandla over lengre tid, men me er ikkje blitt samde. For oss har det heile tida vore eit hovudkriterie at me sikrar ein levande campus på Rommetveit og i Haugesund. At dette skulle koma fram i fusjonsplattforma er ei fane me har halde høgt. Dette har ikkje UiS kome oss i møte med, seier Båtsvik. 
 
 

 
 
 
Høgskuledirektøren ser likevel ikkje mørkt på framtida til høgskulen. 
 
 
- Me ser ikkje svart på dette. Me står støtt som institusjon på eiga hand, men vegen vidare blir likevel ikkje å insistera på å stå åleine. Me har sett på mogelegheitane ved ein eventuell fusjon med Stavanger, no må me ta diskusjonen om vegvalet vidare, seier Båtsvik. 
 
 
 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut