annonse

Ulovleg graving i freda gravrøys

Hol i røys
Hol i røys: Slik ser det ut ertter at nokon har teke seg til rette i grvrøysa på Rimsvarden i Fitjar. (Foto: Harald Rydland)

Melder saka til politiet.

Magne Kydland

Kulturkontoret i Fitjar har fått melding om at det er vorte grave eit hol i ned i gravrøysa på Rimsvarden på Fitjar.

– Dersom nokon har sett slik aktivitet, eller dersom nokon ser at det vert grave der i framtida ber ein om å melda frå til Fitjar kommune. Gravrøysa på Rimsvarden er eit freda fornminne, som er underlagt kulturminnelova. Slike inngrep i eit freda kulturminne er strengt forbode, og kan verta straffa med fengsel og strenge bøter. Det er berre nokre få år sidan dette skjedde sist og me er svært opptekne av at det ikkje skjer igjen. Tilhøvet vert politianmeldt og følgd opp av arkeologar frå Hordaland fylkeskommune, skriv Fitjar kommune i ei pressemelding.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut