annonse

Ulukke med ATV

AMBULANSE
AMBULANSE: Ein mann i 70-åra er frakta til sjukehus etter ei ulukke med ATV fredag ettermiddag. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
POLITI
POLITI: Både politi og ambulanse rykte ut etter meldinga om ulukka. Ein mann er sendt til sjukehus med luftambulanse. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

Politiet melder om ATV-ulukke i Fitjar kommune.

Olav Røli

Klokka 14.45 fredag melder politiet om at det har skjedd ei ulukke med ein ATV i Fitjar kommune.

- Luftambulansen har komme til staden. Det me veit så langt er at det har vore ein ATV involvert, og at ulukka skal ha skjedd på ein privat veg. Ingen andre køyretøy skal ha vore involvert, så langt me kjenner til, seier operasjonsleiar Victor Jensen i Sør Vest politidistrikt.

Klokka 15. 12 melder politiet at ein mann i 70-åra er frakta til sjukehus med luftambulanse.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut