annonse

Undersøkjer årsaka

KØYRD GJENNOM:
KØYRD GJENNOM: Her har bilen køyrd gjennom. Nokre titals meter lengre ned hamna bilen og føraren. (Foto: Ole Alexander Saue)
INNSATSLEIAR
INNSATSLEIAR: Henning Vik er innsatsleiar på staden. (Foto: Ole Alexander Saue)
OMKOM
OMKOM: Ei kvinne i 50-åra omkom i ulukka. (Foto: Ole Alexander Saue)

Ei kvinne i 50-åra mista livet etter ei utforkøyring ved Rubbestadneset på Bømlo torsdag kveld.

  • Ole Alexander Saue

Klokka 17.36  fekk politiet ei melding om ei stygg utforkøyring ved Rubbestadneset på Bømlo etter at eit vitne slo på tråden. Sjåføren hadde køyrd gjennom støyskjermen på staden og ut i ei grøft nokre titals meter lengre ned.

Hendinga fann stad om lag 200 meter før rundkøyringa ved Kiwi Rubbestadneset, like etter innkøyrselen til Furunesvegen.

Einsleg køyretøy

Då Sunnhordland kom til staden litt over klokka 20 var det stadig tenestemenn frå politiet på staden, og området vart avsperra for kriminaltekniske undersøkingar.

Les også: Kvinne i 50-åra mista livet

– Det er eit einsleg køyretøy som har køyrd utanfor vegen. Det er ingen indikasjonar på at andre køyretøy eller personar har vore involvert, seier innsatsleiar Henning Vik.

Kriminalteknisk og ulukkesgruppa til Statens vegvesen arbeider no på staden for å sikra spor.

Trippelvarsling

– Brann-, helse- og politietatane har alle vore til stades, seier Vik vidare.

Operasjonsleiar i Sørvest Politidistrikt, Tore Frøyland-Jensen, fortel til Sunnhordland at bilberging vart bestilt rundt klokka 20.30.

Det vil ikkje fleire opplysingar torsdag kveld, og saka vert behandla vidare fredag føremiddag.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.