annonse

Undersøkjer havbotn for potensielt skred

På tokt
På tokt: Heidi Kjennbakken, Mari Bruvik Nieuwenhuizen og Haflidi Haflidason om bord på forskingsfartøyet «G.O. Sars». (Foto: Statens vegvesen)
På tokt
På tokt: Tore Thomassen sjekkar ankerlokasjonar i Bjørnafjorden. (Foto: Statens vegvesen)
Undersøkjer
Undersøkjer: Haflidi Haflidason og Julie Zweidorff har fått kjerneprøvane inn i laboratoriet på UiB. (Foto: Statens vegvesen)

Statens vegvesen vil vita alt om Bjørnafjorden før ei eventuell bru skal byggjast.

Vidar Hope

– Skred i Bjørnafjorden kan skje, og det må me vera førebudde på. Konstruksjonane må vera robuste nok til å tola dette, seier Tore Thomassen i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Det er få arbeid, om noko, som har kartlagt skredhendingar i fjordar av den detaljgraden som Heidi Kjennbakken, Tore Thomassen og kollegaene deira gjer. Når Bjørnafjorden får bru, som ein del av ferjefri E39, har Statens vegvesen tilrådd ei flytebru som anten er endeforankra eller sideforankra. Den sideforankra brua treng anker for å halda den fem kilometer lange brua på plass. Her står det mellom to typar sideforankring, eller ein kombinasjon av dei to; sugeanker med ein diameter på 16 meter, eller ballastanker store som hus, melder vegvesenet.

Overingeniør Tore Thomassen har vore på tokt på Bjørnafjorden for å finna ut meir om kor utsett fjorden er for skred, og kor det kan vera mogeleg å plassera ankera som kan halda ei heil bru på plass.

– Ballastankera fyller me med stein, ofte olivinstein som har høg eigenvekt. Ballastankeret skal liggja på eit stødig underlag, skriv Thomassen som jobbar på utviklingsprosjekt fjordkryssingar i Statens vegvesen.

På tokt
På tokt: Tore Thomassen sjekkar ankerlokasjonar i Bjørnafjorden. Foto: Statens vegvesen

Eit sugeanker er ein bøtteforma konstruksjon som dei senker ned på havbotn med opninga ned. Når vatnet blir pumpa ut av ankeret, blir det skapt eit undertrykk inne i konstruksjonen, og ankeret blir sugd mot botn.

– Me prøver å finna ut kor det går skred i fjorden så me kan finna ut kor me kan plassera anker, seier Thomassen i meldinga.

På havbotn har det blitt gjort undersøkingar for mellom anna å finna ut kva kvalitet jordmassane har. Ut frå jordkvaliteten kan geologane seia noko om faren for skred.

– Stor nok påverking, som eit stort jordskjelv, vil kunne utløysa skred. Me kan sjå at det har gått skred i Bjørnafjorden tidlegare, seier Thomassen.

Kor tid skreda har gått jobbar Heidi Kjennbakken med å finna ut av.

– Hovudgrunnen til at me ønskjer å datera skreda er for å forstå om dei vart løyst ut etter landheving etter istida, eller om det har skjedd i moderne tid, seier Kjennbakken.

Basert på data frå eit tidlegare tokt fann Multiconsult og Norsk geotekniske institutt (NGI) 32 ankerposisjonar, i tillegg til reserveposisjonar for alle ankera. På dette toktet jobba Kjennbakken og hennar kollegaer med å samla data for å kunne finna dei aller beste ankerposisjonane, i tillegg til å finna ut kva som er på botn av Bjørnafjorden.

– Me visste ikkje at det var så mange store og små skred i Bjørnafjorden. Kanskje vil det vera sannsynleg at ein finn det same i andre fjordar. Difor kan dataene også interessante for andre forskarar. Universitetet i Bergen vil nytta dataene til å sjå på skredhendingar og avsetningsprosessar i ein større geologisk samanheng, seier Kjennbakken.

Med hjelp av akustikk samla opp av ein ROV, undervassrobot, har geologane funne ut at fleire skred sannsynlegvis har vorte løyst ut samstundes, som igjen tyder på at det har skjedd som følgje av eit jordskjelv. Denne tolkinga må dei framleis dokumentera gjennom å finna ut kor gammalt skreda er.

– Aldersfastsetjinga er ein viktig del av arbeidet for å forstå kva tid dei store skreda gjekk og kva som var utløysingsmekanismen, fortel Kjennbakken.

Undersøkjer
Undersøkjer: Haflidi Haflidason og Julie Zweidorff har fått kjerneprøvane inn i laboratoriet på UiB. Foto: Statens vegvesen

På ROV-en vert det montert på botnpenetrerande ekkolodd som gjev høgoppløyselege bilete. På toktet blei det også teke kjerneprøver av botn på Bjørnafjorden. Leira skal no identifiserast i eit laboratorium på Universitetet i Bergen.

– Skredsedimenta kan vera utfordrande å identifisera sidan alt er leire. Når me opnar kjernen ser alt ut som brungrå leire, seier ho.

– Når sedimenta er identifiserte tek me prøvar frå laga over og under skreda til karbondatering for å aldersfastsetja skreda. Karbonalderen over skredet seier noko om yngste alder på skredet, medan alderen under skredet seier noko om kor mykje sediment som er blitt forstyrra av skredhendingar i området, melder Statens vegvesen.

Til hausten igjen skal Thomassen og kollegaene samla meir data om skråningane i fjorden.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut