annonse

Ungdom omkom i trafikkulukke

TRAGISK:
TRAGISK: Klokka 01.41 natt til onsdag fekk naudetatane melding om ulukka på Opsangervegen mellom Sunde og Husnes. (Foto: GOOGLE MAPS)
Omkom
Omkom: Ein mann i slutten av tenåra omkom og ein vart alvorleg skadd etter at bilen dei sat i velta på Opsangervegen i natt. (Foto: Anders Totland)
Undersøkte staden
Undersøkte staden: Politiet og Statens vegvesen har jobba i heile natt med å måla opp og undersøkja ulukkesstaden. Det er 60-sone der ulukka skjedde. (Foto: Anders Totland.)

Bil med to ungdommar velta ved Husnes. Ein alvorleg skadd, og ein mista livet.

Magne Kydland

Det var klokka 01.41 natt til onsdag at naudetatane fekk melding om ulukka, som skjedde på Opsangervegen mellom Sunde og Husnes.

ORDFØRAREN: – Dette er forferdeleg tragisk

Ein bil hadde gått rundt og låg og sperra vegbanen. Det vart fort klart at det var snakk om alvorleg skade på dei to personane i bilen. Den alvorleg skadde vart først frakta til Stord sjukehus, og så vidare til Stavanger universitetssjukehus.

Den omkomne vart forsøkt gjenoppliva på staden, utan hell.

Undersøkte staden
Undersøkte staden: Politiet og Statens vegvesen har jobba i heile natt med å måla opp og undersøkja ulukkesstaden. Det er 60-sone der ulukka skjedde. Foto: Anders Totland.

– Vegen er stengd, og politiet si ulukkegruppe vil komma onsdag morgon for å gjera undersøkingar på staden. Årsaka til ulukka er ikkje kjend, og politiet vil ikkje gå med meir informasjon om ulukka før seinare i dag, melde Vest politidistrikt på Twitter like etter klokka 03 i natt. Då var dei pårørande enno ikkje varsla.

LES OGSÅ: Begge dei involverte er lokale ungdommar

Ulukka skjedde like ved avkøyrsla til Torboneset, og det er 60 km/t fartsgrense der. Dei to i bilen var to menn i slutten av tenåra.

Kvinnherad kommune har etablert eit kriseteam ved legesenteret på Husnestunet. Her kan personar som ønskjer ta kontakt.

magne@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut