annonse

UP delte ut heile 16 fartsbøter på ein og same kontroll

STORFANGST
STORFANGST: Utrykkingspolitiet delte ut førelegg for høg fart til 16 bilførarar ved Haukås i Sveio torsdag. (Foto: GOOGLE MAPS/ILLUSTRASJON)

Utrykkingspolitiet med storstilt trafikkontroll på Haukås.

Henrik Mundal Andreassen

Torsdag ettermiddag var UP på plass i terrenget ved Haukås i Sveio. Staden er kjend for å vera ein av E39-strekkja i Sunnhordland der bilførarar gong på gong trykkjer litt for hardt på fartspedalen.

Her går nemleg 80-sona over i ei 60-sone om lag ein kilometer, før det blir 80-sone igjen.

– Ved kontrollslutt klokka tre hadde 16 bilførarar fått forenkla førelegg for fart. Den høgaste hastigheita vart målt til 78 kilometer i timen i 60-sona, melder Sør-Vest Politidistrikt på Twitter.

Denne sjåføren kan ifølgje lovdata.no sine bøtesatsar forventa seg å betala 5.500 kroner til statskassa.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut