annonse

Usemje om tingretten

USAMDE
USAMDE: Alle representantane i Samarbeidsrådet for Sunnhordland var ikkje samde om framtida til Sunnhordland tingrett og Haugaland og Sunnhordland jordskifterett i eit møte førre fredag. (Foto: Arkiv)

Kvinnherad kommune gjekk i mot resten av Samarbeidsrådet for Sunnhordland.

Marius Knutsen

Fredag møttest Samarbeidsrådet for mellom anna å drøfta framtida til Sunnhordland tingrett og jordskifterett.

I eit framlegg til vedtak i saka, føreslår Samarbeidsrådet at ei samlokalisering av Sunnhordland tingrett og Haugaland og Sunnhordland jordskifterett med eiga lokal leiing på Stord ville vera ei framtidsretta løysing.

Bakgrunn: Kvinnherad-ordføraren vil slå saman domstolane og flytta dei til Husnes

I møtereferatet kjem det fram at Kvinnherad kommune heller ville at tingrettane i Hardanger og Sunnhordland skulle slåast i saman, og samlokaliserast på Husnes.

Etter ei drøfting blei Samarbeidsrådet, mot Kvinnherad sine røyster, samde om å gå for vedtaksframlegget med ei lita endring i ordlyden:

«Samarbeidsrådet for Sunnhordland meiner at ei samlokalisering av Sunnhordland tingrett og Haugaland og Sunnhordland jordskifterett er ei god framtidsretta løysing. Det er ein føresetnad at denne løysinga inneber at Sunnhordland tingrett får lokal leiing på Stord. Gaute S. Epland (Stord), Odd Harald Hovland (Bømlo) og Steinar Dalland (Tysnes) får eit særskilt ansvar for å følgja opp saka.»

Kvinnherad kommune slutta seg ikkje til vedtaket og ville ha protokollført at dei var svært usamde.

– Etter Kvinnherad sitt syn har Samarbeidsrådet ikkje gjort oppgåva si som eit regionsråd i denne saka. Me vil halda fram å arbeida for ei framtidig samanslåing av tingrettane i Hardanger og Sunnhordland med ny lokalisering på Husnes, heiter det i møtereferatet.

Les også: Høgre-politikar på Stord meiner utspelet frå partifelle i Kvinnherad er uheldig

Kommunen vil også sjå nærare på ei eventuell flytting til Hardanger tingrett dersom Samarbeidsrådet sitt vedtak vert utfallet av domstolskommisjonen sitt arbeide med saka.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut