annonse

Utbytefest i Kværner

Nøgd
Nøgd: Konsernsjef Karl Petter Løken er godt nøgd med utviklinga i Kværner, og ser også lyst på framtida. No kan alle aksjonæra venta seg eit utbyte, noko Kværner ikkje har gjeve sidan 2015. (Foto: Marius Knutsen)

Kværner leverte solide resultat for 2018, og kjem med forslag om utbyte til aksjonærane.

Magne Kydland

Auka ordrebok, auka inntekter og forslag om utbyte.

Det er hovudessensen i pressemeldinga om fjorårets resultat i Kværner, som vart lagt fram tysdag morgon.

– Kværner leverte solide resultat for fjerde kvartal og for året 2018, i tråd med det som er kommunisert tidlegare. For andre år på rad auka ordreboka. Ordrereserven ved slutten av 2018 var 10,6 milliardar kroner, mot 8,1 milliardar kroner året før. Også driftsinntektene auka, til 7,3 mrd. kroner for 2018, mot 6,5 millionar kroner i 2017. Marknadsutsiktene er positive og Kværner sin finansielle plattform er sterk. Det vert foreslått eit utbytte på ei krone per aksje, heiter det i pressemeldinga.

Utbyte

Fjerde kvartal vart noko dårlegare enn fjerde kvartal i 2017, medan ordreinngangen i fjorårets siste kvartal var 1,7 milliardar kroner, det same som året før.

Trass i auka inntekter er resultatet på botnlina noko svekkja, frå 846 millionar kroner i 2017 til 487 millionar i fjor. Dette vert forklart med kva fase prosjekta er i.

– Mange prosjekt er ein tidleg fase, der ein ikkje har starta å ta marginar. Driftsmarginen var på 6,7 prosent i 2018, ned frå 11,1 prosent i 2017.

Trass i nedgangen går styret inn for å betala utbyte til aksjonærane, noko som vil komma mange Kværner-tilsette til gode. Det er fleire år sidan Kværner har betalt ut utbyte.

– Kværner har dei siste åra fullført ei rekkje store prosjekt som planlagt og med solide resultat, noko som har gjeve ei sterk finansiell plattform. Styret meiner at selskapet sin posisjon mogeleggjer forslag om utbetaling av utbytte på éi krone per aksje. Den konkurransemessige fordelen Kværner har av ein sterk balanse vil vera ein viktig faktor også i framtidige vurderingar av utbytteutbetalingar, heiter det i pressemeldinga.

Forventar vekst

– Me er nøgde med at me leverer driftsinntekter og resultat i tråd med det me har kommunisert til marknaden tidlegare. Kværner har levert solide resultat i alle kvartal i 2018 og som planlagt blei hovuddelen opptent i første halvår på grunn av i kva fasar prosjekta i porteføljen er i, seier Karl-Petter Løken, Kværner sin konsernsjef.

Framover ser Kværner ein betre marknad og fleire kundar som vurderer nye prosjekt, men potensielle tildelingar av kontraktar vil ikkje skje før i 2020 og 2021. Venta inntekter i år er over sju milliardar kroner.

– Me ser kommande prosjekt både innan tradisjonelle segment for nybygg av offshore olje- og gassplattformer, og innan vekstsegment som oppgradering av eksisterande plattformer og nye offshore vindkraftprosjekt. Me posisjonerer oss for fleire prosjekt i Norge og internasjonalt, seier Løken.

Les også: Kværner opnar portane for innbyggjarane

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut