annonse

– Utruleg viktig for regionen

Saman
Saman: Liv Kari Eskeland og Magne Rommetveit ber lokalpolitikarane finna ut av den årelange ferjedebatten i Sunnhordland. Her frå valet i fjor haust. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)
Snarleg løysing
Snarleg løysing: KrF-leiar Knut Arild Hareide er éin av tre stortingspolitikarar frå Sunnhordland som følgjer med på ferjedebatten. (Foto: Marius Knutsen / arkiv)

Liv Kari Eskeland (H), Magne Rommetveit (Ap) og Knut Arild Hareide (KrF) med felles bøn til lokalpolitikarane.

Vidar Hope

Det har igjen blussa liv i den betente ferjedebatten mellom stordabuar og kvinnheringar. I dag går dei tre sunnhordlendingane på Stortinget ut med felles standpunkt om saka, gjennom eit debattinnlegg i Sunnhordland.

«Ferjekaien på Skjersholmane, som medførte vesentleg lengre seglingstid, skulle i 2003 berre vera ei mellombels løysing. Det er på overtid at den permanente og nye løysinga no kjem på plass», skriv trioen i debattinnlegget, som kan lesast her.

– Eg registrerer at ein no går inn i denne debatten igjen. Me er glade for at det kjem på bordet, både i fylkeskommunen og regionalt, seier Eskeland til Sunnhordland.

– Magne (Rommetveit) var ordførar den gongen det blei vedteke å flytta ferja til Skjersholmane som ei mellombels løysing. Etter det har ein ikkje greidd å landa ei ny løysing. Når det no er sett i gang eit regionalt arbeid, håpar eg ein greier å finna ei god løysing, legg ho til.

I går blei grunneigarane i Sævarhagsvikjo presentert ein rykande fersk silingsrapport av sivilingeniør Helge Hopen. Denne er laga på oppdrag frå Hordaland fylkeskommune, og tilrår Sævarhagsvikjo som beste plassering av ferjeleie på Stord-sida. På Kvinnherad-sida blir Klosterneset innstilt som beste plassering. Nytt i rapporten er at også Valevågen, på den andre sida av turområdet Hystadmarkjo, er inne som eit alternativ.

Snarleg løysing
Snarleg løysing: KrF-leiar Knut Arild Hareide er éin av tre stortingspolitikarar frå Sunnhordland som følgjer med på ferjedebatten. Foto: Marius Knutsen / arkiv

Eskeland meiner det er på høg tid at dei to største kommunane i Sunnhordland knyter seg til kvarandre.

– Skal me få til noko gjennomslag, må me stå samla og visa styrke. Spesielt no i desse tider der fleire andre regionar i Hordaland knyter sterkare band, seier ho.

Eskeland seier det er leitt å registrera at stordabuen og kvinnheringen har så ulike standpunkt i saka.

– Me er gjensidig avhengig av kvarandre, for å halda oppe gode og trygge arbeidsplassar og regionale funksjonar som sjukehus, utdanning og tingretten. Og så registrerer eg at næringslivet lokalt sjølv har vore ute og sagt at dei forventar at lokalpolitikarane finn ei god løysing. Der har dei mi fulle støtte.

Eskeland, Rommetveit og Hareide seier ingenting om kor dei sjølv meiner ferjestø bør plasserast.

Les debattinnlegget til trioen her.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut