annonse

Utset upopulære kutt

Budsjettet
REDDAR TILBOD: Koalisjonen la fram budsjettet i formiddag.
Går i gang
Går i gang: Det blir oppstart at nye Nysæter ungdomsskule neste år. (Foto: VIS-A-VIS AS / illustrasjon)

Koalisjonen (Ap, Sp, SV, KrF) aukar eigedomsskatten, men utset fleire av dei andre upopulære kuttforslaga frå rådmannen.

Hilde Vormedal Nybø

Dermed er det klart at folk som har eigedom i Stord kan vente seg ein ekstrarekning neste år. For private bustader blir den nye eigedomsskatten 2,5 promille. For næringseigedommar og tomter blir eigedomsskatten fem promille.

Redda inntil vidare

Kutt av MOT, tilbodet på Videsteentunet, bufellesskapet «Heimtun» i Åkervikåsen og stenging av skeisebanen, er alle forslag frå rådmannen som har møtt kraftig motbør. Koalisjonen utset alle desse sparetiltaka med å bestille politiske saker med utgreiingar og vurderingar av tilbodet og økonomiske konsekvensar.

Koalisjonen stryk også forslaget om å leggja ned fritidsklubbane og reddar stillinga som Folkehelsekoordinator.

Går i gang med ungdomsskulen

Rådmannen ynskte i sitt forslag å utsetta bygginga av nye Nysæter ungdomsskule med enda eit halvt år. På den måten ville skulestart blitt eitt år seinare enn opphavleg planlagt. Forslaget har møtt massiv kritikk frå tilsette og elevar. Koalisjonen har lagt inn investeringsmidlar til Nysæter i 2019. Dermed kan ein setja spaden i jorda neste år, og ein vil rekkja oppstart ved årsskiftet 21/22.

Når det gjeld ombygginga av gymsalen på Langeland til tre klasserom, ønskjer koalisjonen å utsetja dette med eitt år.

Går i gang
Går i gang: Det blir oppstart at nye Nysæter ungdomsskule neste år. Foto: VIS-A-VIS AS / illustrasjon

Sparetiltak

For å finne inndekning til forslaga legg koalisjonen mellom anna opp til at administrasjonen skal redusera husleigeutgiftene sine med 400.000 kroner i 2019, og ytterlegare innsparing i åra deretter.

Vidare meiner koalisjonen at det er mogeleg å spare inn 250.000 kroner på nattevaktordninga i Rehabilitering- helse og omsorg.

Koalisjonen ber også om ei sak til driftsstyret som går på omorganisering av kulturtenestene inkludert kulturskulen og ein ser føre seg å oppretta ei kultursjefstilling. Koalisjonen meiner omorganiserings skal gjera at kulturskulen kan vidareførast på dagens nivå utan at ein må auka budsjettrammene.

Vurderer bustadsal

Høgre og FrP har i sine forslag lagt inn sal av dei kommunale utleigebustadene som eit tiltak med kan gje ein innsparing på seks millionar kroner.

Også koalisjonen ber rådmannen om ei sak der ein vurdere å selja ut dei kommunale utleigebustader som SKE AS sit på. Dermed ligg det an til eit breidd fleirtal for dette.

Eit anna sparetiltak frå koalisjonen er å utsetta den nye vegen i Grunnavågen.

Leik i Borggarden

Koalisjonen har også funne ein halv million kroner til å etablera eit aktivitetsområde for born, ungdom og vaksne i Borggarden.

Ein vil etablera eit utval med tre politikarar og seks innbyggjarar som skal leiast av Bente Bjelland, som er leiar av Næring, Miljø og Kultur. Utvalet skal leggja fram ei innstilling til kommunestyret i første halvår, og prosjektet skal ferdigstillast i løpet av neste år. Ein ser føre seg at ein vil få ein halv millionar kroner i spelemidlar forutan dei 500.000 som kommunen skal bidra med.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut