annonse

Vann 100.000

HELDIG
HELDIG: Ein heldig sagvågsbu vann 100.00,- på Nabolaget. (Foto: Skjermgrabb/Norsk Tipping)

Ein person i Sagvåg vann 100.000 på Norsk Tipping si Nabolaget-tevling.

  • Ole Alexander Saue

Ifølgje Norsk Tipping sine nettsider gjekk den nest største Nabolaget-premien til Sagvåg.

Ein person i Oslo vann 1.000.000,-, medan personar i høvesvis Ski, Sagvåg, Grøa, Oslo og Mjøndalen vann 100.000,-.

I Nabolaget er det ikkje berre éin vinnar. Fem naboar av storvinnaren fekk 10.000,-, 20 stk. fekk 1.000,- medan 1.600,- stk. fekk 50,-.

Det har ikkje lukkast Sunnhordland å koma i kontakt med Norsk Tipping, og vinnaren er soleis ukjend.

Nabolaget trekk kvar veke seks vinnarnabolag. I det eine nabolaget stikk hovudvinnaren av med 1.000.000,-, medan naboane rundt, som òg har spelt, får 100.000,-, 10.000,- eller 50,-, alt avhengig av kor nær vinnaren dei bur.   

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut