annonse

Vann 27,5 millionar

Gigtantsum
Gigtantsum: Kvinna på Bømlo var ein av ti vinnarar i landet som fekk i alt 275 millionar kroner i Viking Lotto. (Foto: SVERRE HOUMB)

– Det går ikkje an! Nei, det trur eg ikkje på!

Hilde Vormedal Nybø

Det var det kvinna frå Bømlo klarte å få fram då Norsk Tipping var på tråden med gladmeldinga tidleg torsdag morgon, skriv Bømlo-nytt.

Fekk sjokk

Slik skriv Norsk Tipping om samtalen vidare.

Så blir det heilt stille.

– Korleis går det med deg?

– Eg har sjokk, eg no. Eg klarer ikkje å tenkja. Eg er heilt skjelven, seier bømlingen før Norsk Tipping må prata med mannen hennar og overtyda han om at det faktisk er sant.

Ein av ti

Bømlingen var ein av ti spelarar som var med i ein andelsbank som håva inn til saman 275 millionar kroner, etter å ha vore dei einaste med seks rette tal i Viking Lotto.

Premien er samla den nest største pengepremien i noko spel i Norge, og dei ti vinnarane får kvar rundt ca. 27,5 millionar kvar.

Ifølgje ei pressemelding frå Norsk Tipping vil dei ferske vinnarane få hjelp og rettleiing for å handtera den nye livssituasjon sin.

I ein andelsbank kjøper du ein tidel av eit system. Går systemet inn med premie, får du ein tidel av premien. Du veit ikkje sjølve kven du spelar saman med.

Klikk for å sjå kommentarar ()