annonse

Vann journalist- og fotoprisen

: Elisabeth Berg Hass får årets journalistpris av Thomas Førde. (Foto: ANITA HAUGLAND)
: Cecilie og Monica Langvatn ønskte å gifta seg i kyrkja, men måtte reisa til Sverige for å få draumen til å gå i oppfylling. Dei blei intervjua i reportasjen om likesinna ekteskap. (Foto: PRIVAT)
: Anders Totland og Marius Knutsen fekk 2. plass for videoreportasjen om Tone Innvær. (Foto: MARIUS KNUTSEN)

Kvinnheringen trakk det lengste strået og sikra seg dei gjevaste prisane til Haugesund Journalistlag. Sunnhordland var hakk i hæl.

Hilde Vormedal Nybø

 

Journalist Elisabeth Berg Hass (Kvinnheringen) sikra seg 1.-plass i journalistpriskategorien og Jonn Karl Sætre (journalist og fotograf i Kvinnheringen) fotoprisen for arbeidet med reportasjen om ME-sjuke Eirik Aksnes og mora Anne Kari Rørheim sin kamp for sonen.
 
 
 
Prisane blei delt ut i samband med Haugesund Journalistlag sin årlege samling i Skånevik i helga.
 
 
 
 
Sak om ME-sjuk
 
 
Dette skriv juryen, som består av Ellen Marie Hagevik, Kari Åkra og Thomas Førde. om vinnarreportasjen:

 
 
"Norsk presse har lang tradisjon for å stå opp for enkeltmenneske som må kjempa mot overmakta. Denne rolla blir ekstra viktig å fylla når nokon er sjuke eller ligg nede. Prisvinnaren har teke på seg denne viktige rolla og fyller ho på ein framifrå måte. Lesarane får eit sterkt, nært og personleg møte med ein av dei hardast råka ME-pasientane i landet, ein pasient som ikkje får den hjelpa frå samfunnet som han og familien har trong for.
 
 
 
 


Prisvinnaren får fram fakta kring ein myteomspunnen sjukdom og avslørar at samfunnet korkje gjennom medisinsk ekspertise eller gjennom sosial omsorg kan tilby god nok hjelp. Samtidig viser lokalavisa sin sterke posisjon i samfunnet ved å invitera makta inn og få til ei endring til beste for dei svake. Dette peikar samtidig framover til beste for fleire som kan koma i liknande situasjon.

 
 
 
 
 
 
 
Om vinnarbildet seier fotojuryen (Trygve Sørvaag og Per Egil Larsen)
 
 
 
 
 
 
 
“På ein respektfull og enkel måte gjev fotografen oss innblikk i ein sårbar kvardag som er ukjend for dei fleste av oss. Lyssettinga dreg merksemda inn i biletet og gjer oss nysgjerrige på historia. Dette er godt journalistisk handverk.”

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

2. andreplassar

 
 Sunnhordland sikra seg to andreplassar.
 
 
 
 

2. plass i journalistprisen for reportasje går til Anders Totland for en større reportasje om likekjønna ekteskap.

 
 
 
 
 
Les saka: "Slaget om ekteskapet" 
 
 
 
 
 
Dette meiner juryen:
 
 
Eit solid stykke journalistisk handverk skildrar her eit brennbart og prinsippielt, nasjonalt, og overnasjonalt tema, og sett det inne i lokale rammer.

 
 
 
 
Debatten kring likekjønna ekteskap i kyrkja er ei varm potet, og når ein drar dette ned på lokalt nivå, blir det gloheitt.

 
 
 
 
Som resultat av eit framifrå kjeldearbeid, synleggjer reportasjen det store skismaet i kyrkjelege miljø. Både utval og breidda av kjelder illustrerer dei sterke motpolane og eit nølande mellomsjikt som enno ikkje vågar å ta standpunkt i ei sak som rokkar ved noko heilt elementert i kyrkja.

 
 
 
 
 
 
Journalisten har arbeidd grundig og målretta, då fleire av kjeldene i utgangspunktet ikkje ville uttala seg. Lesaren får innblikk i korleis likekjønna par møter ei stengt kyrkje. Samstundes synleggjer saka ei kyrkje i tvil, med sterk intern usemje kring grunnleggjande prinsipp om korleis kyrkja skal møta mange av sine medlemmer. Utvalet av kjelder bidrar til å belysa nye sider ved temaet lokalt, då kjeldearbeidet resulterer i uventa standpunkt hjå både lekfolk og kyrkja sine eigne. Det viser seg at veljarane ved soknerådsvalet ikkje visste kva fleirtalet av kandidatane stod for i denne saka.

 
 
 
 
 
 
God bruk av faktainformasjon kastar ekstra ljos over saka. Sett inn i lokal kontekst gir saka nyttig tilleggsinformasjon for lesarane. Dei får kunnskap om kva prestar i regionen som vil eller ikkje vil via likekjønna par.

 
 
 

Video om trafikkdød

 
 
 

2. plass journalistprisen 2015 video går også til Sunnhordland for video-reportasjen om Tone Innvær som mista sonen i ei trafikkulukke.
 
 
 
 
 
Les saka og sjå videoen: "Tomrommet" 
 
 
 
 
 
Dette seier juryen:

Å møta folk i den heilt vanlege kvardagen krev av og til mot og medkjensle i tillegg til det journalistiske, fordi kvardagen for nokre ikkje lenger er heilt vanleg. Å omsetja dette til eit godt videoinnslag krev både planlegging, kunnskap og forståing – og ikkje minst tillit.
Juryen meiner dette videoinnslaget har alt og er eit solid stykke journalistisk arbeid. Her kjem sjåarane tett på intervjuobjektet, ei mor som deler si sorg og sine tankar om det å ha mista sonen i ei trafikkulukke. Samstundes får vi dei harde fakta. Redigeringa er godt handverk der film, bilete, musikk og kommentarar gjev sjåarane både oversikt og innsikt. Videoen er ein del av ei sak, men kan sjåast heilt frittståande.
2. plass i journalistprisen 2015 går til Marius Knutsen og Anders Totland i Sunnhordland for videoen «Tomrommet».

 
 
 
 
 
 
 
 
Heiderleg omtale
 
 
 
 
 
 
 
Henrik Mundal Andreassen i Sunnhordland får også heideleg omtale for bilete av familiegjenforening på Haugesund Lufthavn. 18 månader etter at Fateh Alchhabi (31) forlot kona Nihel Henno (28) og dottera Lilyan Alchhabi (3) i heimlandet Syria, kjem dei ut av flyet og inn i armane hans her i Norge.
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Les saka:  Rørt til tårer då dottera og kona landa på flyplassen
 
 
 
 
 

Dette skriv juryen om biletet:
“Fotografen har klart å fanga ein intimt og personleg augneblink utan å virka påtrengande. Biletet fungerer på fleire nivå og gjev store internasjonale nyhende eit lokalt ansikt. Far møter dotter. Krig møter lokaljournalistikk. Kaoset rundt rammar inn augneblinken i midten og frys det varme møtet for alltid.”
 
 
 
 
 
 
 
Heideleg omtale får også Torstein Nymoen i Grannar  for arbeidet med sakene om Tesdal-garden i Etne.
 
 
 
 

Even Emberland, Avisa Ryfylke, for biletet ”Med livet som innsats”. 

 
 
 
Grethe Nygaard, frilansar for Haugesunds Avis, for eit bilete på valkvelden på Haugesund rådhus.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut