annonse

Varebil tok fyr i Bømlafjordtunnelen

TOK FYR
TOK FYR: Brannvesenet på Stord måtte sløkkja brannen i ein varebil i Bømlafjordtunnelen. (Foto: Stord brann og redning)
KØ
: Lange køar i området onsdag kveld. (Foto: Alexander Kvarven)
BILBRANN
BILBRANN: Røyken stod ut av Bømlafjordtunnelen onsdag kveld. (Foto: Raymond Sandvik)

Onsdag kveld rykte naudetatane ut til Bømlafjordtunnelen der eit køyretøy stod i brann.

Ingvild Siglen Berger

Politiet fekk melding om brannen klokka 18.21. Like etter klokka 18.30 melde politiet at naudetatane var på staden. 

Brannvesenet starta sløkking. 

– Det er ikkje snakk om personskadar. Trafikken står i begge retningar og vegen er stengt, sa operasjonsleiar Nikolai Austerheim i Sør-Vest politidistrikt til Sunnhordland.

Klokka 19.07 melde politiet at brannvesenet hadde brannen under kontroll, og at bilføraren var uskadd og ute av tunnelen. 

På veg mot Stord

I tillegg vart det søkt gjennom tunnelen utan funn av andre køyretøy. 

– Det er ein varebil som har teke fyr då den var på veg ut av tunnelen mot Stord. Den står omkring 1000-1200 meter inne i tunnelen, fortel Leif Rune Vad, vakthavande hos Stord brann og redning.

Klokka 19.22 var brannen sløkt, men det er framleis uvisst kva tid tunnelen opnar att. Den skal sjekkast for skader etter brannen.

– Entreprenørar er på veg. Me driv og lesser utav olja som var i varebilen, seier Vad. 

Mykje kø

Det er store køar i området. Klokka 21.04 melder Vegtrafikksentralen vest at det går føre seg oppryddingsarbeid i tunnelen, og at ny vurdering av om den vert opna i kveld kjem omkring klokka 22.30. 

Det vert drive trafikkdirigering for å sleppa fram bilar som skal andre stader enn gjennom tunnelen. Eventuell omkøyring sør/nord er via E134 Åkrafjorden.

Les også: Bømlafjordtunnelen open etter bilbrann

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut