annonse

Varslar blei «Årets hordalending»

: Robin Schaefer (t.v.) tok imot prisen av fylkesvaraordførar Pål Kårbø onsdag.
(Foto: HORDALAND FYLKESKOMMUNE)

Politietterforskar Robin Schaefer kunne i dag ta imot pris etter innsatsen med å gjenopna «Monika-saka».

Vidar Hope

Schaefer blei heidra på fylkesordføraren sitt nyttårsmøte i dag. Juryen meiner han gjennom sin innsats med å få gjenopna «Monika-saka» har blitt eit symbol på det å ikkje gje opp sjølv om ein møter motstand.
 
Prisen «Årets hordalending» skal løfta fram ekstraordinære prestasjonar, handlingar og engasjement hos personar, lag, foreiningar eller verksemder med tilknyting til Hordaland. Det er fylkesordførar Anne Gine Hestetun som har leia juryarbeidet.
 
Juryen grunngjev tildelinga slik:
 
«Politietterforskar Robin Schaefer tok sjølvstendig initiativ for å få gjenopna ei tidlegare henlagt straffesak, saka som har blitt kjent som «Monika-saka». Gjennom sin innsats er han blitt eit symbol på det å ikkje gje opp sjølv om ein møter motstand, å ikkje gje opp sjølv om ein kjenner at ein står åleine og kjenner på urett. Årets prisvinnar har kjent sterkt på grensene knytt til sin eigen ytringsfridom som arbeidstakar. Han har synleggjort det å visa mot når ein opplever å stå åleine i ei krevjande sak.»
 
Prisvinnaren Robin Schaefer er takksam for å bli verdsett med å bli tildelt prisen.
 
- Mine tankar i samband med denne saka går først og fremst til Monika og hennar mor. Eg er svært glad og takknemleg for denne heideren. Det er gledeleg at det eg har gjort blir sett og verdsett av andre, sa Schaefer i takketalen, ifølgje fylkeskommunen sine nettsider.
 
Kriteria for tildelinga er mellom anna at prisvinnaren må ha utmerkt seg lokalt, nasjonalt eller internasjonalt. Personen må vera frå Hordaland eller bu i fylket. Ein person kan berre bli «Årets hordalending» éin gong. Premien er på 50.000 kroner, i tillegg til diplom.
 
 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut