annonse

Vart biten i ansiktet under slagsmål

SLÅST
SLÅST: Ein person vert meldt for kroppsskade etter eit slagsmål på Tysnes. (Foto: Marius Knutsen/Illustrasjon)

Ein mann i 30-åra er på veg til arresten.

Ingvild Siglen Berger

Klokka 20.45 laurdag kveld melde Vest politidistrikt på Twitter at ein mann er arrestert i Våge. Han vert meldt for kroppsskade.

– Det me veit er at det har vore eit slagsmål, der han skal ha hoppa på ein annan person og bite denne personen i ansiktet. Fornærma er på legevakta no, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt til Sunnhordland.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 20.03. Mannen skal vera 30 år, ikkje 40 som først meldt av politiet.

Les også: Promillekøyring med båt og truslar mot politi

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut