annonse

Vart samde om kostnadsfordelinga

Vart samde
Vart samde: Stordrådmann Magnus Mjør (t.v.) og ordførar Gaute Straume Epland vart samde med sine kollegaer i Fitjar og Bømlo om å vidareføra barnevernsamarbeidet. (Foto: Marius Knutsen)

Vidarefører det interkommunale samarbeidet om barnevern.

Magne Kydland

Ordførarar og rådmenn i Fitjar, Bømlo og Stord hadde tysdag møte om barnevernssamarbeidet.

Kommunane kom her fram til semje om kostnadsfordeling for 2018 som inneber at samarbeidet vert vidareført.

– Kommunane er innstilte på å setja strek over usemja, og ser fram til å fortsetja samarbeidet og vidareutvikla våre felles barnevernstenester. Sjølv har eg heile vegen vore overtydd om at interkommunalt samarbeid på dette området er til det beste for både dei tilsette og ikkje minst for barna. Eg er difor glad for at me no har sikra at samarbeidet vert vidareført, seier Stord-ordførar Gaute Straume Epland.

magne@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut