annonse

Våt måling stoppa flya

Fekk ikkje ta av
Fekk ikkje ta av: Våt måling stoppa flytrafikken på Flesland i dag tidleg. (Foto: Avinor/Illustrasjon)

Flytrafikken på Flesland blei lamma i dag tidleg på grunn av våt måling.

Hilde Vormedal Nybø

Det skriv Bergens Tidende.

Ein av dei reisande, Eivind Bye, seier til avisa at dei har fått beskjed om at ein har malt flystripa, og at flya ikkje kan letta før målinga har tørka.

Operativ sjef i Avinor, Øystein Skaar, stadfestar til BT at Flesland er stengt.

– Det har vore arbeid på rullebane i natt, med mellom anna merkemåling, og me er nøydde til å bli ferdige før flya kan køyra på dette, seier Skaar.

Han seier at det to-tre fly som er forseinka, men at ein opnar rullebana igjen klokka 07.00.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut