annonse

Våt og kald måtte Magnus Stangeland overnatta på holme

FALL I SJØEN
FALL I SJØEN: Det var tidlegare ordførar i Austevoll, Magnus Stangeland, som vart redda frå Fugløya i Austevoll onsdag morgon, etter å ha falle i sjøen. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
REDNINGSAKSJON
REDNINGSAKSJON: 77-åringen kom seg i land på holmen Fugløya og måtte overnatta der. (Foto: Google Maps)

Det var tidlegare stortingsrepresentant Magnus Stangeland (77) som vart redda frå ein holme onsdag morgon.

Ingvild Siglen Berger

Tysdag kveld skal Stangeland ha hamna i sjøen ved Austevoll då han var ute i båt.

Klokka 10.20 onsdag morgon gjekk alarmen då båten hans vart funnen stangande mot land med motoren i gang mellom Stolmen og Fugløysundet.

Funnen på Fugløya

Omkring ein halvtime seinare vart 77-åringen funnen på Fugløya, som ligg på vestsida av Stolmen.

– Han skal ha reist ut på sjøen og hamna i sjøen av ukjend årsak, sa operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt til Sunnhordland.

Nedkjølt

Stangeland klarte å svømma til land på Fugløya, der han måtte overnatta og var fram til han vart funnen onsdag morgon.

– Han var oppegåande, men nedkjølt, då redningsmannskap kom fram, seier Algrøy.

77-åringen vart teken hand om av helsepersonell og frakta til Haukeland universitetssjukehus. Helse Bergen skriv i ei pressemelding at Stangeland er lettare skadd etter båtulukka.

Les også: Redda mann i 70-åra frå ein holme

Godt vareteken

Familien har stadfesta overfor Bergens Tidende at det var Stangeland som vart redda frå Fugløy.

– Han var kraftig nedkjølt, men er i grei form utover det. Me er sjølvsagt utruleg glade for at det har gått bra. Han vert no godt vareteken på Haukeland og det set me pris på, skreiv dottera Nina Stangeland i ei tekstmelding til BT onsdag.

Funnen av naboar

Ifølgje VG har Stangeland sjølv anslått til politiet at han har vore i sjøen i ein times tid.

Kato Veivåg, utrykkingsleiar hjå Austevoll brann- og redning, seier til BT at det var naboar som fann både båten og etter kvart Stangeland då dei var ute og lette etter han.

Stangeland har mellom anna vore ordførar i Austevoll i 6 år og vore på Stortinget for Senterpartiet i 12 år.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut