annonse

Vedlikehald fører til forseinkingar

Forseinkingar
Forseinkingar: Frå måndag til torsdag i neste veke vil ferjene liggja 5-10 minutt bak skjema, ifølgje vegvesenet. Her ser me vedlikehaldsarbeid på Sandvikvåg-kaien. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

Ferjesambandet på Bjørnafjorden vil vera ute av skjema i neste veke.

Vidar Hope

Frå måndag 14. januar kan ferjene verta forseinka med 5-10 minutt på strekninga mellom Halhjem og Sandvikvåg og Våge og Halhjem. Dette gjeld frå klokka 08.00-19.00 frå måndag til torsdag.

Det skriv Statens vegvesen.

– På kaien på Halhjem vert det utført vedlikehald og reparasjonar. Arbeidet er forventa å vara i nokre veker, seier senioringeniør Rolf Noreide i Statens vegvesen.

Les også: Vegvesenet held fram å gi bøter til Torghatten Nord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut