annonse

Vedtok å halda Osen open

DELT
DELT: Margareth Ottesen Mjønes (t.v.) frå Stordlisto støtta forslaget til Høgre, medan Edgar Damås (Ap) og Randi Nysæter (KrF) begge gjekk for koalisjonen sitt forslag, som blei vedteke. (Foto: ANDERS TOTLAND)

Slik meiner fleirtalet at dei har tatt omsyn til næringslivet i Leirvik.

Anders Totland

Torsdag vedtok forvaltningsstyret detaljregulering for miljøgata gjennom Leirvik. Fleirtalet på fem (mot fire) gjekk for koalisjonen sitt forslag. Dette inneber at den delen av planen som gjeld Osen blir endra, slik at Osen blir open for utkøyring mot nord.

– På denne måten meiner me at me har møtt innspela frå næringslivet og frå Høgre, sa Nils Magne Blålid (SV) då han presenterte forslaget.

Vidare står det i vedtaket at kollektivhaldeplassen ikkje skal vera til hinder for ytterlegare utvikling av området, og at kulverten under rundkøyringa ved Meieritomta skal vera godt opplyst og ha universell utforming innvendig.

Det skal òg utarbeidast ein parkeringsanalyse for Leirvik sentrum, i samband med planen for «Den tette byen», og tverrforbindelsen Tysevegen-Øvre Sæ skal prioriterast i det vidare planarbeidet. Denne skal òg vera prioritert i bompengesøknaden, står det i vedtaket.

Høgre fremja eit eige forslag, som fekk støtte av Frp og Stordlisto. Mellom anna ville dei ta ut heile området frå nedre Sæ til og med krysset ved Skrivarvegen frå planen. Høgre ville òg at det skulle gjerast analysar av trafikkmønster, parkering og gjennomgangstrafikk for syklande, gåande og køyrande, med tanke på korleis trafikkmønsteret vil endra seg når ny veg mellom Ådland og Sæ kjem på plass.

– Me meiner framleis at det ikkje er godt nok vist kva nytte dette har, i forhold til kor mykje bilistane må betala, sa Lothe, som meinte det var viktig å ikkje forhasta seg.

Det fekk Randi Nysæter (KrF) til å reagera.

– Om me vedtek dette no, er ikkje dette noko hastesak. Me har vore gjennom mykje av dette i lang tid. Eg synest det er viktig at me no tar dei mjuke trafikantane på alvor, og legg til rette for dei. Me må vera litt framsynte og tenka på at sentrum skal vera både for bilistar og dei mjuke trafikantane. Det prøver desse planane å legga til rette for, sa Nysæter.

Magne Bjelland (H) tok opp at det alltid vil vera nokon som ikkje kan sykla.

– Nokon vil framleis ha bruk for bilen for å komma seg fram. Dei må me òg hugsa på og legga til rette for, sa Bjelland.

Saka går no vidare til kommunestyret.

anders@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut