annonse

Vegen er opna igjen

: Alvorleg bilulukke Opsangervegen ved Husnes, 271217 1 omkom, 1 alvorleg skadd. (Foto: Anders Totland)

Åstadsundersøkingane er ferdige, og bilen er fjerna etter dødsulukka natt til onsdag.

  • Anders Totland

Rundt klokka halv elleve onsdag føremiddag blei Opsangervegen mellom Sunde og Husnes opna for trafikk igjen. Då hadde vegen vore stengt i over åtte timar, etter at ein personbil køyrde i autovernet litt før klokka to.

– No er åstadsundersøkingane ferdige, og bilen er fjerna, opplyser Sigurd Børve ved Kvinnherad lensmannskontor.

LES OGSÅ: – Dette er forferdeleg tragisk

Det var to lokale tenåringar i bilen då ulukka skjedde. Det blei forsøkt å gjera livreddande førstehjelp på begge, men den eine stod ikkje til å redda. Den andre personen blei sendt til sjukehus med alvorlege skader.

Ifølgje Kvinnheringen blei den skadde ungdommen først sendt til Stord, på grunn av trøbbel med vêret. Børve fortel at det i utgangspunktet var rekvirert to helikopter, men at dei ikkje kom seg til Kvinnherad.

– Det var rekvirert luftambulanse, men på grunn av vêret kom dei seg ikkje fram. Dermed blei den skadde frakta med ambulanse og båt til Stord, der han blei plukka opp av helikopteret, seier Børve til Sunnhordland.

Stavanger Universitetssykehus har førebels ikkje oppdatert statusen på vedkommande.

anders@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut