annonse

Ventar 50-80 mm nedbør på eitt døgn

Rasfare
Rasfare: Vestlandet er utsett for jordras og flaumskred. Her frå E39 på Mehammar i 2009. (Foto: Marius Knutsen)

I store delar av landet kan det komma mykje snø i fjellet dei neste dagane. På Vestlandet er det varsla jord- og flaumskredfare som følgje av kraftig regnvêr.

  • NPK-NTB

Det blir venta mykje snø i fjellet i Sør-Noreg frå torsdag kveld, medan det kan komma snø frå 500 til 800 meters høgde i både Trøndelag, Nordland og Troms fredag.

Meteorologane har sendt ut gult farevarsel.

På Vestlandet fører kraftige byer til jord- og flaumskredfare. Faren aukar frå torsdag ettermiddag i Hordaland, Sogn og Fjordane og delar av Møre og Romsdal.

Det er venta opp mot 50 til 80 millimeter nedbør på eitt døgn. Lokalt kan det komma mellom 30 og 50 millimeter regn på seks timar.

– Grunnvasstanden og vassmetningsgraden i bakken er somme stader høg, åtvarar NVE på varslingstenesta varsam.no.

NVE har sendt ut gult farevarsel.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut