annonse

Vil byggja hytter i tretoppar

Himmelhytte
Himmelhytte: Slik ser Margareth Ottesen Mjønes (innfelt) for seg tretopphyttene på gardsbruket sitt i Dyvik på Stord. (Foto: illustrasjon / arkiv)

Margareth Ottesen Mjønes har søkt Stord kommune om dispensasjon til å byggja inntil sju tretopphytter på gardsbruket sitt i Dyvik på Stord.

Kjetil Østrem

– Tretopphytter er eit høvesvis nytt konsept i Noreg. Ideen er å byggja hytter oppe i trea, som tilbyr spesielle hyttefasilitetar, unik utsikt over fjorden, kjensla av villmark. Her kan du også få oppleva fugle- og dyrelivet på nært hald, seier Ottesen Mjønes.

Supplement

Ho fortel at hyttene skal vera eit tilbod til turistar og friluftsfolk som ikkje tevlar med eksisterande hytter, hotell og campingplassar i kommunen.

– Det skal vera eit supplement til dette, og søkja samarbeid med aktuelle aktørar i denne marknaden på Stord. Dette er ein ny, kreativ og innovativ måte å utvikla heilårsturisme på, seier Mjønes.

Ekorn

Området der Ottesen Mjønes vil byggja hyttene sine ligg i strandsona, og er i kommuneplanen regulert til friluft, fiske og landbruk.

– Me vurderer ikkje hytteplanane å gå imot dette føremålet. Trehyttene vil bli eit positivt bidrag til folk som normalt sett ikkje kjem seg ut. No får dei høve til å overnatta under eit tak i ei trehytte. Dei kjem i kontakt med naturen på ein heilt annleis måte, ved å bu saman med fuglane og ekorna som ofte blir fast inventar på slike hytter.

Hyttene vil hengja så høgt som fire meter over terrenget. Men på sikt ser Ottesen Mjønes for seg å byggja ei hytte spesielt tilrettelagt for funksjonshemma som har vanskar med å koma seg ut i naturen.

– Til denne hytta vil det bli opparbeidd sti berekna for rullestol, seier ho.

Levetida på hyttene er rekna til å vera mellom 10 og 15 år, og bygginga fører ikkje til permanent inngrep i naturen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut