annonse

Vil etablera folkehøgskule her

Skuleinitiativ?
Skuleinitiativ?: I april er det slutt for asylmottaket på Litlabø. Her ønskjer Geir Angeltveit at det skal komma Stord folkehøgskule (Foto: Marius Knutsen / Henrik M. Andreassen)

Geir Angeltveit ønskjer å starta folkehøgskule på Stord.

Hilde Vormedal Nybø

Det kjem fram i eit brev til formannskapet. Her kjem det fram at ein er i oppstartsfasen av Stord folkehøgskule, og vil ha kommunen med i eit interimsstyre på fem til sju personar frå ulike grupper og verksemder på eigarsida som kan bidra til at ein får oppretta ei solid eigargruppe bak den nye skulen.

– Eg vil kartleggja om det er mogeleg å få starta opp ein folkehøgskule her, seier Angeltveit, som fortel at han får hjelp av Atheno i prosessen.

Lang veg

I brevet kjem det fram at det å bli godkjent som folkehøgskule er ein lang og krevjande prosess opp mot Kunnskapsdepartementet.

– Dei fleste initiativ lukkast ikkje, sjølv etter mange års gjentekne forsøk. Dei som lukkast har ein veldig god og tydeleg idé, som vender seg til nye målgrupper, og som samstundes ein grundig og god vedvarande politisk innsats, skriv Angeltveit i brevet.

Her kjem det fram at dersom Stord kommune vel å stilla seg positive til å delta i eit interrimstyre, så vil det senda eit positivt signal om at det er kommunal interesse for folkehøgskulen, men det vil ikkje bety at ein vil vera forplikta til å støtta prosjektet verken økonomisk eller fagleg,

Leia arbeidet

I brevet til kommunen kjem det fram at Geir Angeltveit sjølv ønskjer rolla som dagleg leiar i det nye selskapet. Å tilsetja dagleg leiar vil vera ein av dei første oppgåvene til interimsstyret, der arbeidet med søknaden til departementet, å få tak i kapital, og setja saman ein driftsorganisasjon vil vera andre oppgåver.

Når det gjeld profil på den nye skulen så står det i brevet frå Angeltveit at ein ser føre seg at det vil vera ein skule i ordinær folkehøgskuletradisjon, utan vitnemål, og der elevane bur på internat.

– Det skal vera ein skule for friluftsliv, folkehelse og livsstilsendring i kombinasjon med ulike linjer, fortel Angeltveit.

I Sunnhordland finst allereie Bømlo folkehøgskule, og Sunnhordland folkehøgskule, men Angeltveit meiner den nye skulen ikkje vil konkurrera om elevane med dei eksisterande.

– Eg ønskjer ikkje å leggja for mange føringar på kva som skal vera innhaldet i skulen. Det må vera eit samarbeidsprosjekt med organisasjonane og aktørane som vil å bidra i arbeidet, seier Angeltveit.

På Litlabø?

Når det gjeld kor den nye folkehøgskulen skal liggja, peiker Angeltveit på eigedommen til Litlabø Innkvartering. Asylmottaket som er her i dag skal leggjast ned frå 1. april. Som alternativ peiker han på ei kommunal tomt mellom Stord vidaregåande skule, avdeling Vabakkjen og Studalen. Denne tomta er regulert til offentleg føremål. Som eit siste alternativ peiker Angeltveit på eigedommen i Podlen, som Stord kristne skule ikkje fekk godkjent til skulebygg i fjor, men Angeltveit peiker også på manglar ved eigedommen som skulebygg.

Langt lerret

Geir Angeltveit peiker på at det er ein lang veg å gå for å få realisert folkehøgskuleplanane. Eitt av dei første stega er handsaming i formannskapet 31. januar. No ventar også mange rundar med mogelege investorar og samarbeidspartnarar.

– Kva respons har du fått så langt?

– Eg har fått veldig god respons. Eg har snakka med eit par investorar, men må snakka med fleire. Alle som er interessert i planane og har ønskje om å bidra på den eine eller andre måten må ta kontakt, seier Angeltveit, og peiker på at den folkehøgskulen som sist blei godkjent i landet, i Mandal, hadde eit breitt grunnlag.

Geir Angeltveit har sjølv gått på folkehøskule i Ålesund for ti år sidan. Han fortel at han har tenkt tanken på å etablera ein folkehøgskule i nokre år, men at initiativet blei teke same dag som det blei kjent at mottaket på Litlabø skal leggjast ned.

– Dette er eit initiativ eg gjer som privatperson, men eg brukar sjølvsagt nettverket eg har, seier Angeltveit.

Populært

I fjor haust starta 7.640 elever på dei 80 folkehøgskulane i landet. For tredje år på rad blei det sett rekord for søkjinga til folkehøgskulane. Det er i dag 20 prosent fleire elevar som går på dei norske folkehøgskulene enn det var for ti år sidan.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut