annonse

Vil få eigedomen til å skina

STORD
STORD: Thor Liverød jr. får med seg Kurt Arne Tyse i Borggata Futurum. Dei skal utvikla arbeidsplassar, bustader og forretningar i bygga. To personar skal jobba med dette på Stord, ein på teknisk og ein med kundekontakt. Nytt eigarskap får ikkje noko betydning for dei eksisterande leigetakarane. (Foto: OLAV RØLI)
SPENSTIG
SPENSTIG: Borggata Futurum vart lansert for cirka 10 år sidan. Me prosjektet kom berre til teiknebrettet. (Foto: FOTO/ILLUSTRASJON: JO KETIL NIELSEN)
TRAFIKK: Thor Liverød og Erling Dokk Holm var i 2012 på Stord. Dei hadde mange løysingar mot sentrumsdød. FAKSIMILE (Foto: )

Thore Liverød jr. og Kurt Arne Tyse blar opp for eigedom i Leirvik sentrum.

Olav Røli

– Me vil først og fremst skapa attraktive lokale, som gjer at verksemder ønskjer å vera i sentrum av Leirvik, seier Thore Liverød jr.

Torsdag vart det kjent at Liverød gjennom sitt selskap Alfa Eiendom AS, og Kurt Arne Tyse (KA Finans AS), tek over aksjane i Borggata Futurum AS. Selskapet var tidlegare eigd av Jan Kåre Pedersen Invest AS, John Heine Fadnes og Bladstova AS (Jens, Steinar og Håvard Hystad). Kjøpesummen er ukjend.

Sjønært

Liverød jr., som har vakse opp på Stord, er involvert og eigar i mange større eigedomsprosjekt, og sit også i styret i Olav Thon-gruppen. No ser han fram til å gjera noko på Leirvik.

– Alle vil bu og arbeida i nærleiken av sjøen, og dei vil køyra til jobben, men me må finna ei løysing på parkeringsproblema i sentrum. Ein kan ikkje parkera i Sæ og jobba i Borggata, meiner Liverød, som ikkje ser vekk frå at dei vil diskutera løysingar med Stord kommune.

Borggata Futurum går frå kaiplan og opp i Borggata, og inneheld både kontor og forretningar. Men mange av rutemetra står i dag tomme.

– Først må me få eigedommane til å skina, og sikra at dei vert attraktive for dei som leiger her i dag. Så må me oppgradera fasade og gjera at fleire vil leiga her, seier her.

SPENSTIG
SPENSTIG: Borggata Futurum vart lansert for cirka 10 år sidan. Me prosjektet kom berre til teiknebrettet. Foto: FOTO/ILLUSTRASJON: JO KETIL NIELSEN

Sentrum

Liverød meiner det er feil at verksemder flyttar kontorarbeidsplassane sine frå sentrum og opp til Heiane, men vil ikkje peika ut syndebukkar.

– Dette er ei utvikling som finst mange andre stader i Norge, og det er fleire faktorar som spelar inn her, mellom anna at bustader forsvinn ut av sentrum, butikkar flyttar, og industri finn seg andre stader å vera. Summen av alt gjer at det vert feil utvikling i sentrum, seier han.

Den nye eigaren i Borggata er uansett store mogelegheiter for oppgradering av eigedommen, og meiner alt ligg til rette for utvikling.

– Eigedommen er i bra stand, med god betongstruktur. Her er det ingen problem å pussa opp skikkeleg, seier han.

Borggata

I 2012 var Liverød på eit frukostmøte i Stord næringsråd. Der snakka han og urbanist Erling Dokk Holm om korleis ein skulle skapa utvikling på små stader. Mellom anna med trafikk i Borggata.

– Eg meiner framleis det er riktig å ha trafikk gjennom gata. Men held meg til dei vedtak som er gjort. Kontorarbeidsplassar er med og skapar liv i sentrum, ved at folk går ut i lunsjen og brukar tilbod. Og ein kjem aldri vekk frå at det regnar og bles på Stord, som gjer at folk vil køyra til jobb, seier han.

Store underskot

I siste tilgjengelege rekneskapsår for Borggata Futurum AS vart verdien i selskapet (bygga) skriven ned med 15 millionar, slik at resultatet før skatt enda på minus 16 millionar. I årsmeldinga skriv styret at meir ein 50 prosent av aksjekapitalen er tapt, og at verdien av aksjekapitalen er skriven ned med 23,5 millionar. Bygga er pantsett til 58 millionar kroner. Thor Liverød er ikkje uroleg for dette.

– Det er dette eg driv med, og dette eg kan. Eg har god tru på framtida, men det vil ta tid å få det slik me vil, seier han.

Tidlegare styreleiar i Borggata Futurum, John Heine Fadnes, visar til Thor Liverød for kommentar om salet.

olav@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut