annonse

– Vil gje verdiskaping verdt 3,5 milliardar kroner

KAN GJE GEVINST
KAN GJE GEVINST: Nye berekningar viser at Hordfast-prosjektet kan komma til å gje verdiskapingsgevinst på 3,5 milliardar kroner i løpet av dei første 40 åra i drift. (Foto: Illustrasjon)

Ferske berekningar viser at vegprosjektet Hordfast kan bli lønsamt.

Marius Knutsen

– Den planlagde utbygginga av E39 mellom Os og Stord vil ikkje berre halvera reisetida mellom Bergen og Haugesund. Ferske berekningar viser at prosjektet også vil bli samfunnsøkonomisk lønsamt, det trass i den kostbare brua over Bjørnafjorden, skriv Peter Aalen, seniorøkonom og prosjektleiar i Menon Economics.

Ifølgje estimatet til Menon Economics vil Hordfast-prosjektet gje ein verdiskapingsgevinst på 3,5 milliardar kroner for heile landet.

Les også: – Kvar er Hordfast-engasjementet?

– Nesten halvparten av dei positive ringverknadene kjem truleg til å komma andre delar av landet enn der sjølve Hordfast-strekninga går, til gode, skriv Aalen.

Dei 3,5 milliardar kronene er venta å komma inn i løpet av vegen sine første førti år.

Les også: Vegvesenet ønskjer midtre kryssing

Dei nye berekningane kjem til å bli presentert fredag, under ein konferanse om Hordfast, Rogfast og E134 i Tysvær. stormøte knytt til vegprosjektet i Tysvær.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut