annonse

Vil ha møteplassar for ungdom på Leirvik

Stor interesse
Stor interesse: Teltet var godt fullt opp av engasjerte stordabuarar då Stord kommune arrangerte folkehelseforum på torget onsdag. (Foto: Arja Myhre)

Ulvar Akselsen var blant paneldeltakarane under debatten på folkehelseforum. Han var tydeleg i si sak på kva som skal til for å trekkja ungdomen til sentrum.

  • Malin Langøy Aarbø

– Me treng ein klubb eller noko liknande i sentrum, der me kan bli passa på. Akkurat no er det ingen tilbod for oss som er under 18 år, sa nestleiar i Stord Ungdomsråd, Ulvar Akselsen.

Saman med ulike brukargrupper i Stord kommune var han til stades på torget onsdag kveld for å diskutera korleis ein skal utvikla sentrum som møte- og inkluderingsplass. Bakgrunnen var eit folkehelseforum arrangert av rådet i kommunen. Dette blir arrangert to gongar årleg og skal fungera som ein idédugnad der alle kan koma med innspel til forbetring.

Blant representantane i panelet var Jakob Bjelland, Linda Grundtvig, Stine Larsen Strand, Susan Hassan Abdallah, Ove Sandnes, Ulvar Akselsen, Johannes Eikeland, Tove Dypå Lunde og Tor Johnny Agledal.

Føredragshaldar Marco Elsafadi heldt eit motiverande innlegg om livsfilosofiar og haldningar til menneske. Stord Ap sin ordførarkandidat, Gaute Straume Epland, leia programmet for kvelden.

– Kva har dei i sentrum, spurde Ulvar Akselsen.

– Me har kulturhuset og det er flott. Men der er det ingen som passar på oss og det er lett å komma ut for snus, røyk og alkohol i ein veldig ung alder. Eg seier ikkje at alle som heng på kulturhuset held på med slikt. Men ein får tilbodet.

Akselsen meiner at ungdom må få lov til å vera ungdom.

– Dagens ungdom likar mykje av det same som før. Men me trivst i sikre rammer og treng kanskje rettleiing av vaksne, sa han.

Eldrerådet og representant for Sæ barnehage var einige i påstanden til Akselsen. Dei saknar også eigne møteplassar, der det kan bli enklare å knyta band med sine eigne.

Andre tilbod som vart etterspurt var fleire sjukeheimsplassar, meir næringsliv, parkering, tilgjenge og ikkje minst glastak over Borggata, som både Bjelland og Grundtvig var positive til.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut