annonse

Vil ha tunnelparkering

Parkeringstunnel
Parkeringstunnel: Fronta har teke initiativ til å få igong eit samarbeid med kommunen for å betra parkeringa i sentrum, og foreslår parkeringstunnel med utgong på Torget. (Foto: Marius Knutsen)

Næringslivsaktørar frir til kommunen om eit felles utviklingsprosjekt for å betra parkeringstilhøva i Leirvik sentrum. Dei ynskjer løyse det med parkering i tunnel.

  • Ingvild Eide

– Me tenkjer at tunnelen ha innkøyrsel ved Griserumpa og utkøyrsel ved hamna, med parkeringsområde i midten til dømes. Så kan ein ha trapp og heis opp på Torget, for å letta tilgangen til sentrum og samstundes halda trafikknivået nede i bybilete, forklarar Kurt Arne Tyse i Fronta.

Det er Fronta som har teke initiativ til forslaget, og har med støtte frå Borggata Futurum og GSE-Sandvik sendt forslag om eit fellesprosjekt til Stord kommune.

Betra parkering

Dei ynskjer eit samarbeid mellom næringsliv og kommune, for å få til gode parkeringsløysingar i sentrum.

– Me har vore i dialog med kommunen tidlegare, og har fått gode tilbakemeldingar på dette, seier Tyse. Han meiner òg at det burde vera ein smal sak å få med fleire frå næringslivet.

Sjølv har han arbeidd med å få liv i Borggata og sentrum over lengre tid, og ser at det er eit sårt behov for meir parkeringsplass for å få folk til å handla og nytta seg av sentrum.

– Så om kommunen meiner at dei vil ha liv i sentrum, bør dei jo vera positive til dette forslaget, seier han vidare.

Parkeringstunnel

Som del av det førebuande arbeidet har dei teke kontakt med Veidekke Entreprenør AS, som har brei erfaring med å byggje parkeringsanlegg i norske byar.

– Det har blitt gjort med stor suksess på Jæren, i Bergen og Arendal mellom anna, fortel Tyse og skryt over dei gode løysingane ein parkeringstunnel vil gje.

– Det er veldig bra og effektivt. Det er ingen søyler ein må ta omsyn til som i parkeringshus, brei midtgang og god plass. Kostnadsmessig er det heller ikkje dyrare enn parkeringshus, så me meiner det er ei god løysing.

Han presiserer at dei har konkrete planar og kostnadar klart, men at det sjølvsagt er rom for variasjonar og alternativ. Først og fremst ynskjer dei å få i gong diskusjonen, og gje politikarane høve til å sjå på det.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut