annonse

Vil kjempa for Lofoten og Vesterålen

Framtida
FRAMTIDA: Sondre Røssland Slåke (t.v.) og Joakim Røssland er opptekne av å kjempa for framtida til eigen arbeidsplass. Dei er begge lærlingar på Kværner Stord. Begge (Foto: Olav Røli)
Klubbleiar
KLUBBLEIAR: Amram Hadida meiner det er viktig å skaffa seg kunnskap om olje- og gassleiting utanføre Lofoten. (Foto: Olav Røli)
Arbeidarpartiet sitt forslag

Sondre Røssland Slåke (19) og Joakim Røssland (18) står klare til å kjempa for oljeleiting i Lofoten og Vesterålen.

Olav Røli

Torsdag etter påske tar eit fly av frå Sørstokken på Stord. Om bord er 49 personar frå verkstadklubben ved Kværner Stord. Dei skal til Oslo for å gjera det klinkande klart for både Arbeidarpartiet og LO at det er viktig å starta opp med konsekvensutgreiing av havområda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Denne dagen startar nemleg Arbeidarpartiet sitt landsmøte i Oslo.

– Me må jo ha ein jobb å gå til i framtida også, er den klare bodskapen frå Sondre Røssland Slåke og Joakim Røssland, som begge er lærlingar på Kværner Stord. Dei var ikkje seine å be då tilbodet om ein tur til Oslo dukka opp.

Vern

Det er venta at fleire hundre kjem til Youngstorget frå både Vestlandet og andre stader. Mellom anna har Aibel og Rosenberg i Stavanger planlagt å senda ein delegasjon.

Kjernen i kampen er redsel for at Arbeidarpartiet kjem til å verna deler av Lofoten, Vesterålen og Senja for olje- og gassverksemd. Programkomiteen i partiet har, ifølgje NTB, føreslege ei tredelt løysing som mellom anna inneber at havområdet utanføre Lofoten i eit belte på 50 kilometer frå land vert gjort til petroleumsfri sone.

Klimaendringar

Kva Arbeidarpartiet gjer, er venta å ha stor verknad på kva LO seier om spørsmålet på sin kongress seinare i mai.

– Forslaget frå program-komiteen i Ap må vera eit absolutt minimumskrav, seier Amram Hadida, leiar i verkstadklubben ved Kværner Stord.

Han er også medlem av Arbeidarpartiet. Sunnhordland fekk vera med då Hadida hadde møte for medlemmar av verkstadklubben onsdag. Og under møtet var Hadida klar på at dette spørsmålet er av avgjerande betydning for industrien han sjølv jobbar for.

Klubbleiar
Klubbleiar: Amram Hadida meiner det er viktig å skaffa seg kunnskap om olje- og gassleiting utanføre Lofoten. Foto: Olav Røli

– Me nektar ikkje for at det er klimaendringar og at dei er skapt av menneske. Men me meiner at det fint går an å leva side om side med turisme og fisk. Og det aller første me treng er kunnskap om desse spørsmåla. Så la oss reisa til Oslo og overtyda flest mogeleg, sa Hadida. Han oppmoda deltakarane til å stilla i arbeidsklede frå Kværner.

Aksjonen har brei oppslutnad frå store deler av industrien, og Atle Tranøy har mellom uttalt at dette spørsmålet kan vera med på å sprengja LO.

– Målet vårt er ikkje å knebla debatten eller erklæra motstandarar som idiotar. Men me er i mot at andre LO-forbund, særleg i offentleg sektor, tek på seg å definera næringspolitikken i framtida. Me kan ikkje leva at dei ønskjer ein politikk som øydelegg våre mogelegheiter til å utvikla våre eigne arbeidsplassar, seier Tranøy til Frifagbevegelse.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.