annonse

Vinden aukar utover ettermiddagen

VIND
VIND: Det er venta sterke vindkast utover dagen i dag, torsdag. Men i kveld minkar han. Dette biletet er teke på Skjersholmane ved eit tidlegare høve. (Foto: MARIUS KNUTSEN)

Vindkasta har allereie vore oppe i 24 m/s på Slåtterøy fyr. Utover ettermiddagen skal det auka på.

Olav Røli

Det hissige lågtrykket, i alle fall til årstida å vera, er no på full fart inn over Hordaland. Meteorologane har sendt ut Obs-varsel, mellom anna på grunn av sterke vindkast.

– Me har allereie registrert vind på 24 meter (liten storm) per sekund på Slåtterøy fyr. Vinden er venta å auka på frå klokka 12 og utover, seier statsmeteorolog Mette Skjerdal ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Vindretninga er no sørleg, men vil frå i 18-tida dreia meir sørvestleg. Det er også då den sterkaste vinden vil komma.

– Vindkasta kan komma opp i 25 til 30 meter per sekund, seier Skjerdal.

Kysten og fjellområda vil merka vinden sterkast, men meteorologane seier det er vanskeleg å seia eksakt kvar det vert verst.

– Område som er utsett for sør og sørvestleg vindretning vil merka det godt, seier meteorologen.

Denne vêrtypen er ikkje uvanleg om hausten eller vinteren. Men tidleg i juni, og etter ein månad med sydenstemning, er det meir uvanleg. Difor ber meteorologane folk vera ekstra varsame.

– Vinden vil minka igjen i kveld, forklarer meteorologen.

– Nokre utsikter til finvêr?

– Fredag vil det regna, medan det vert meir byevêr laurdag. Søndag er kanskje den beste dagen framover. Utover i neste veke er det vind frå vestleg retning som dominerer, og då vert det regn, seier ho.

Ein god nyheit oppi alt er at skogbrannvarselet er vekke.

– Me har no oppdatert skogbrannvarselet grunna nedbøren. Men det er kanskje ikkje så freistande å sitja ute å grilla i dette vêret, seier Skjerdal.

olav@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut