annonse

Viste vekk rusa mann frå Leirvik nyttårsaftan

NYTTÅRSFEIRING I LEIRVIK
NYTTÅRSFEIRING I LEIRVIK: Politiet opplyser at nyttårsfeiringa var hektisk, men gjekk forholdsvis roleg for seg i Sunnhordland. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

Nyttårsfeiringa gjekk forholdsvis roleg for seg opplyser politiet.

  • Henrik Mundal Andreassen

Nyttårsaftan er for mange ein av dei største festdagane i året. Men det spørst om ikkje regnvêret la ein dempar på ein del av utefeiringa.

For medan politiet tvitra ein del hendingar frå storbyane, gjekk det heller roleg for seg på Stord, Fitjar og i Bømlo opplyser Sør-Vest Politidistrikt.

– Generelt sett har det vore ei travel natt, men ingen store ting har dukka opp. Ifølgje loggen var det einaste ein politipatrulje på Stord som viste vekk ein rusa mann frå Leirvik i natt, seier operasjonsleiar Nikolai Austerheim.

Sør-Vest Politidistrikt har førebels ikkje fått inn meldingar om brannskadar eller personskadar som følgjer av fyrverkeribruken på nyttårsaftan.


Les også: Fann søkkt båt utanfor Halsnøy

Les også: Godt nyttår frå Kåreviksmarkjo!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut