annonse

Vurderer søksmål mot staten

GIR SEG IKKJE
GIR SEG IKKJE: Kurt Arne Tyse nektar å gje opp i Biltema-kampen, og vil prøva å få saka opp i departementet. (Foto: Olav Røli / arkiv)

Fronta sine advokatar rådar selskapet til å ta saka vidare til departementet, og om ikkje vedtaket blir omgjort, gå rettslege steg.

Hilde Vormedal Nybø

Det kjem fram i eit brev frå advokat Torkel Tveit i Advokatfirmaet Steenstrup Stordrange DA til Heiane Vest.

– Me meiner at kommunen har gjort jobben sin. Rundt om i landet så ser me at i dei andre fylka så får Biltema gjennomslag, men ikkje i Hordaland og Rogaland, seier Kurt Arne Tyse til Sunnhordland.

Han seier at dei no jobbar mot politikarar for å få saka opp på høgaste hald. Når ein ikkje fram så vil ein vurdera rettslege steg.

– Då må me gå til sak mot staten, seier Tyse.

Bygg til 53 millionar

I utgreiinga skriv advokatane at årsaka til at eit 3.700 kvadratmeter stort bygg med ein pris på 53 millionar kroner står tomt, samstundes som Biltema seier dei vil leggja ned verksemda på Stord, er ei rekkje sakshandsamingsfeil.

– Fylkesmannen hevdar på tvers av framlagt dokumentasjon at Biltema ikkje driv med slik «plasskrevjande varehandel» som reguleringsplanen tillet på området. Dei meiner at nybygget på 3.700 kvadrat heller burde har vore oppført inne i Leirvik sentrum. Problemet er at det slett ikkje er plass til bygget i Leirvik sentrum, skriv mellom anna advokat Torkel Tveit i utgreiinga.

Biltema-kunde reagerer: – Det er heilt hol i hovudet

Manglar og feil

Tveit meiner at Fylkesmannen i Hordaland og i Rogaland forvekslar plasskrevjande varer, og plasskrevjande varehandel, og at det sistnemnde er ordlyden i reguleringsplanen.

Advokaten meiner også at utgreiinga frå Fylkesmannen i Rogaland er mangelfull, og peiker på at vedtaket til Fylkesmannen i Rogaland i det heile ikkje drøftar eller vurderer argumenta frå Heiane Vest AS.

Vidare peiker advokaten på at Hordaland fylkeskommune i 2017 godkjente etableringa.

– Dessutan er Fylkesmannen meir oppteken av kva administrasjonen meinte enn kva vedtaket blei i fylkeskommunen etter politisk og demokratisk handsaming. Det viser eit syn på demokratiske avgjerder som er svært lite tillitvekkjande, skriv Torkel Tveit, som meiner at Fylkesmannen har overkøyrd demokratiet.

Overkøyrd

– Biltema varslar no at dei vil leggja ned all si verksemd og forlata Stord innan 31. desember 2018 om Fylkesmannen sitt vedtak blir halde ved lag. Innbyggjarane på Stord og i nabokommunane må dermed køyra fleire mil til Haugesund eller Bergen. Det er i det heile ingen fornuft i dette, og me minner om at nybygget til Biltema ligg berre 600 meter frå dagens bygg. Ei slik forflytting klarar altså fylkesmennene å meine vil vera i strid med statlege retningslinjer for sentrumsutvikling, står det i uttalen, som konkluderer med at det ein ser i saka er myndigheitsmisbruk på fylkesmannsnivå.

Advokaten peiker på at forvaltningslova i fjor blei endra for å styrkja det kommunale sjølvstyret.

Les også: Jan Inge Aasheim starta underskriftskampanje for Biltema

Hevdar faktafeil

Advokaten reagerer også på påstanden om at Biltema er dominert av mindre varer. Advokaten peiker også på at Fylkesmannen i Hordaland har lagt til grunn at 69 prosent av vareutvalet hos Biltema er i kategorien plasskrevjande varer.

– Korleis kan då dei mindre varene vera dominerande? spør Torkel Tveit.

Les også: Biltema varslar at dei vil leggja ned på Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut