annonse

Wärtsilä sikra seg meir jobb

Meir jobb
Meir jobb: Wärtsilä har skriv avtale med Hagland Shipping AS. Her frå administasjonsbygget på Heiane. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)
STRAUM
STRAUM: Gjennom ei hybrid-løysing frå Wärtsilä skal dette skipet i framtida kunne segla i opp til 30 minutt på straum. (Foto: PRESSEFOTO)

Nytt hybrid-system sikrar jobb på Heiane og på Bømlo.

Olav Røli

I ei pressemelding fredag melder Wärtsilä at dei har sikra avtale med reiarlaget Hagland Shipping AS om levering av hybrid oppgradering på lasteskipet «Hagland Captein». Ifølgje pressmeldinga vil dette vera det første prosjektet noko sinne for skip som går i kystnære farvatn.

– Hybrid-oppgraderinga vert gjort av miljøet på Heiane, medan girløysingane vert gjort av våre folk på Rubbestadneset, seier Jane Jünger, kommunikasjonssjef i Wärtsilä til Sunnhordland.

Vidare i pressemeldinga heiter det at hybridløysinga vil auka skipet sin miljøsignatur gjennom at utslepp vert redusert, drivstofforbruket går ned og støyen blir mindre. Skipet vil også få høve til å nytta landstraum til lasting og lossing, og lading av batteria.

STRAUM
STRAUM: Gjennom ei hybrid-løysing frå Wärtsilä skal dette skipet i framtida kunne segla i opp til 30 minutt på straum. Foto: PRESSEFOTO

Les også: Har fått bestilling frå skotsk reiar

Batterikapasiteten er såpass bra at skipet skal kunne segla elektrisk inn og ut av hamn berre på straum i om lag 30 minutt.

– Wärtsilä er valt som partnar på grunn av sin store erfaring med å levera miljøvennlege løysningar innan hybridsystem, seier COO i Hagland Shipping AS, Øivind Wendelbo Aanensen i pressemeldinga.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut