annonse

Balansekunstnaren

Balansekunstnaren
Balansekunstnaren: (Foto: Marius Knutsen)
Balansekunstnaren
Balansekunstnaren: (Foto: Marius Knutsen)
Balansekunstnaren
Balansekunstnaren: (Foto: Marius Knutsen)
Balansekunstnaren
Balansekunstnaren: (Foto: Marius Knutsen)
Balansekunstnaren
Balansekunstnaren: (Foto: Marius Knutsen)
Balansekunstnaren
Balansekunstnaren: (Foto: Marius Knutsen)
Balansekunstnaren
Balansekunstnaren: (Foto: Marius Knutsen)
Balansekunstnaren
Balansekunstnaren: (Foto: Marius Knutsen)

Han har vore høgt oppe i vår, men er heilt sikker på det ventar både oppturar og nedturar framover. For Kværner-sjef Steinar Røgenes handlar alt om å finna den rette balansen.

Anders Totland

– Eg kjem ikkje til å bli pensjonist i denne jobben, seier Steinar Røgenes.

Verftssjefen lener seg fram over møtebordet, med utsikt mot Njord-plattforma som blir rusta opp i dokken. Han har akkurat fortalt kva forgjengaren hans sa, då Steinar skulle overta. «Dette er ein stafett,» sa han. «No må du springa din etappe som ein galning, og så må du levera stafettpinnen vidare til nestemann.»

– Tidlegare var jo folk direktør på verftet i 30 år. Den tida er forbi, seier Røgenes.

Men før me går vidare på det sporet, må me nokre år bak i tid. Etter nesten 20 år i Aker-systemet, reiste Steinar i 2010 til Bergen for å leia Aker Solutions sitt kontor i vestlandshovudstaden. Der handla alt om vidare vekst, og korleis dei kunne få tak i nok folk. Alle piler peika oppover.

To og eit halvt år seinare var Lars Eide klar til å gje vidare stafettpinnen på Stord. Ved veksling stod Steinar Røgenes klar til å ta sats.

Så kom krisa. I løpet av 2014 fall oljeprisen frå 115 dollar til under 50 dollar. For oljeindustrien var det katastrofalt. Planlagde prosjekt blei sett på vent, og nye blei skrota. Ei ny nedgangstid velta innover Sør- og Vestlandet.

For Steinar og resten av Kværner-leiinga blei det tidleg klart at dei måtte ta nokre tøffe grep, om dei skulle oppretthalda ein viss styringsfart gjennom stormen. Kostnadane måtte ned, det same måtte bemanninga. Heile tida med eit mål om å vera i forkant, for å unngå meir dramatiske konsekvensar seinare.

Balansekunstnaren
Balansekunstnaren: Foto: Marius Knutsen

– Nøkkelen til å komma seg gjennom slike periodar, er å ta grep når du kan, og ikkje når du må, seier Steinar.

Sjølv om det til tider er vanskeleg å formidla behovet for nedskjeringar, medan det tilsynelatande er full aktivitet på verftet, meiner han det er ein heilt naudsynt måte å jobba på.

– Av og til må ein berre «face the brutal facts», og ta innover seg at krisa ikkje går over. Dette er noko me må handtera. Spørsmålet er berre om me handterer det på ein god eller dårleg måte. Noko av min jobb er å skapa forståing for desse prosessane. For ein ting er sikkert: Det kjem alltid til å gå opp og ned i denne bransjen. I periodar vil det bli for mykje arbeid i marknaden. I andre periodar vil det bli for lite arbeid. Slik har det alltid vore. For å lukkast over tid, trur eg omstillingsevna må vera ein del av DNA-et til bedrifta, seier Steinar.

Som sjef for den største arbeidsplassen i Sunnhordland, har han ansvar for om lag 1.600 tilsette på verftet, i tillegg til 2–300 personar i andre deler av Kværner-systemet. Langt på veg ber Steinar Røgenes lokalsamfunnet si framtid på skuldrene, når han kjempar om nye kontraktar. På godt og vondt.

– Eg har nokre stunder innimellom, der eg verkeleg forstår kor viktig det me gjer er for mange fleire enn berre dei som jobbar her. Til vanleg sit ein litt i si eiga boble, og jobbar berre intenst med det ein skal. Men når eg ser kor viktig det er, og høyrer korleis andre snakkar om verftet og om Kværner og industrien, kjenner eg av og til litt på det. Samstundes er det ein styrke i det. Eg kjenner at folk bryr seg, og at mange er veldig opptekne av at det skal gå bra for oss. Det er mykje støtte, og mange som vil oss godt. Noko av det som verkeleg inspirerer meg, er når krigen er som verst, og me har allmøte eller utvida leiarmøte, og eg ser utover alle folka. Eg kjenner igjen ansikta til utruleg flinke folk, og tenkjer at eg heldigvis ikkje skal gjera jobben åleine. Det gjev litt fred i sjela å vita at det er så mykje flinke folk som skal vera med og få det til, når det blir krevjande. Det er ikkje noko «one man show» i det heile, seier Steinar.

Balansekunstnaren
Balansekunstnaren: Foto: Marius Knutsen

– Korleis er det å formidla dårlege nyhende til folk du kanskje har kjend heile livet, som risikerer å mista jobben?

– Når ein får forklart bakgrunnen for slike prosessar og avgjerder, og lagt ting fram på ein grei måte, trur eg folk forstår veldig godt at me må gjera noko når me ikkje har arbeid. Både bedrifta og eg hadde fått mykje mindre respekt om me berre let det skura og gå, og hadde 200 mann som berre gjekk og klødde seg, utan noko å gjera på. Me har også eit ansvar for at dei arbeidsplassane som framleis blir igjen skal vera gode. Folk forventar at det blir tatt grep. Og så blir det frykteleg ubehageleg når det er ein sjølv det gjeld. I enkelte tilfelle må me redusera med folk som har vore med i 10–20 år og levert fantastisk spennande prosjekt, seier Steinar.

Sjølv har 50-åringen eit nøkternt syn på sin eigen posisjon. Han er takksam for sjansane han har fått, og er klar på at han har vore heldig.

– Når ein er leiar for den største bedrifta på Stord, kan ein tenkja seg at det er lett for at ein blir litt høg på pæra. Det blir automatisk ein viktig del av min identitet å ha den rolla. Eg må tenkja over kva eg seier og gjer. Men dersom verdien min står og fell på posisjonen eg har her, ser eg at det kan bli ein nedtur den dagen eg ikkje er her lenger, seier Steinar.

For å komma seg gjennom både dei gode og dei vonde dagane, er Steinar oppteken av å finna den rette balansen i kvardagen.

– Dette er ein krevjande jobb. Og hadde jobben vore alt eg hadde i livet, trur eg det hadde blitt tungt, seier Steinar.

– Kvifor?

– Då hadde prestasjonane på jobb avgjort alt. Viss me ikkje hadde vunne kontraktar eller fått til den omstillinga me vil, trur eg det hadde vore lettare å tenkja at det berre var min feil, og at det er eg som må bli betre. Men det det handlar om er jo å få ein organisasjon til å fungera saman. Det er ikkje sånn at dersom du berre tar gode og rette avgjerder, og er flink, så skjer det ingenting ubehageleg. Dei ubehagelege tinga kjem til å skje. Me har hatt alt frå ulukker til tap av kontraktar. Om dette skulle få avgjera kva eg er verd som menneske, trur eg det kunne bli veldig tungt. Det å kunna ta seg ein tur på ski til Folgefonna eller springa til Mehammarsåto, eller ei stille stund i ein kyrkjebenk, trur eg er med på å gjera det lettare, seier Steinar.

Balansekunstnaren
Balansekunstnaren: Foto: Marius Knutsen

Det er der han finn balansen: I naturen og i kyrkja. Eller i trua, for å vera heilt presis. For sjølv om han gjerne går i kyrkja frå tid til anna, er det bedehuset som er Steinar sin arena for kristenliv. På Horneland sit han i styret for bedehuset, og set stor pris på fellesskapet når dei samlast.

– Der veit eg at eg har folk som hugsar på meg i kvardagen. Det er ting som gjer at denne totalpakken blir til å leva med når det stormar som verst. Det har vore viktig heile vegen, men blir nok berre meir og meir viktig for meg å kunna søka dette fellesskapet, og ha vener som eg kan opna meg opp for, og diskutera dei store tinga i livet, seier Steinar.

– Korleis pregar trua kvardagen din elles?

– Eg håpar det gjer noko med korleis eg oppfører meg overfor folk. Det har litt med menneskesyn og respekt for andre å gjera. Eg vil ikkje sjå på meg sjølv som ein opphøgd sjef, men som eit medmenneske. Eg trur det er med på å hjelpa meg til å ha bakkekontakt. Det viser også igjen i leiarfilosofien min. Eg har tru på at folk må bli trent til å ta avgjerder, og dermed også må få lov til å ta feil avgjerder, og leva med det etterpå. Det betyr ikkje at det er folka det er noko feil med. Du kan gjera noko dumt, men det betyr ikkje at du er dum. Det er ein vesensforskjell. Eg trur det er noko eg har med meg frå oppveksten og det verdigrunnlaget eg har fått med meg. Eg prøver å møta folk på ein god måte. Det er ikkje alltid like lett, men eg prøver i alle fall, seier Steinar.

– Kor kjem trua di frå?

– Det er barnetrua eg har med meg. Mor mi las eit lite stykke kvar einaste dag før me skulle på skulen, og hadde ei morgonbøn. Om kvelden la me oss til kveldsbøna. Så utvikla det seg, og eg var med i alt frå søndagsskule og ungdomslag, til vidare i skulelaget og kristenrussen. Så eg har alltid vore engasjert i slike ting, og har heile tida hatt det med meg. Det har vore ein del av meg sidan eg blei fødd, seier Steinar.

– Er det noko trygt i det òg, at det er noko fast?

Balansekunstnaren
Balansekunstnaren: Foto: Marius Knutsen

– Definitivt. Det er eit haldepunkt, noko som er der uavhengig av vêr og vind, om marknaden går ned og oljeprisen varierer, om eg er sur på nokon eller sjefen treng å ta ein alvorsprat med meg. Uavhengig av alt det, har eg eit festepunkt og ei forankring. Det er trygt og godt.

Steinar likar det stabile. Ein konsekvens er at han held ut der han er, og no har han nådd ein alder der jubilea kjem på rekke og rad. I fjor fylte han 50 år, og hadde samstundes vore 25 år i Aker/Kværner-systemet.

– Eg fekk ei reise til Svalbard i gåve av kona. Då tenkte eg at det er kjekt å reisa åleine, men kjekkare om ho var med.

Så fann me ut at det ville bli endå kjekkare om me fekk med ungane òg. Så der hadde me ein fantastisk tur no i vår. Det var utruleg fint, seier Steinar. Neste år kjem likevel jubileet han sett høgast av dei alle. Då har han vore gift i 25 år. Med same kona.

– No kjenner eg at eg er gammal. Å snakka om sølvbryllaup og sånn, det er ganske heftig, seier Steinar.

Men han vil meir enn gjerne snakka om det. Utan kona, hadde nemleg ingenting av det andre gått, meiner Steinar. Og når han snakkar om balansen i livet, er ho eitt av dei viktigaste ankerfesta han har.

– Ho er der i gode og vonde dagar, og er glad i meg. Det hadde vore tøft å ha krig både på jobb og heimebane samstundes, seier Steinar.

Eigentleg har dei kjend kvarandre heile livet, gjennom fedrane som jobba saman og køyrde lastebil i Telemark. Men det var først då dei møttest igjen på bedehuset i vaksen alder at det blei alvor. 24 år seinare har dei to døtrer på 18 og 21 år, og ein son på 22.

Steinar kan ikkje få snakka varmt nok om kona, som har måtta ta mykje av arbeidet i heimen, medan Steinar har gjort karriere. Knappe tre veker etter at minstejenta blei fødd, byrja Steinar i 1999 å vekependla. Heime sat kona igjen med tre små ungar på under fem år.

– Når du har ein nyfødd unge heime, og reiser til Stavanger og er der fem dagar i veka … Det er talentlaust. Det er jo det. Samstundes var det det som var situasjonen vår då, og det var det som baud seg. Ein del av pakken er å ta utfordringane når dei kjem, og gå vidare, seier Steinar.

– Det kan ha vore litt travelt heime, då?

– Om det kan?! Det var hysterisk travelt. Sånn sett har kona mi gjort ein formidabel jobb med å oppdra ungane på ein god måte. Det set eg umåteleg pris på, og det veit eg at ungane òg gjer, seier Røgenes.

Balansekunstnaren
Balansekunstnaren: Foto: Marius Knutsen

– Har du gått glipp av mykje i løpet av desse åra?

– Akkurat det har eg av og til reflektert litt over. For eg har enno til gode å snakka med pensjonistar som seier at dei angrar på at dei ikkje var meir på jobb. Det har eg aldri høyrt om. Og det er klart eg har gått glipp av ting. Eg har fått mykje spennande med meg, men også gått glipp av andre ting når eg har vore så mykje vekke. Ein ting er å vera fysisk vekke, ein anna å vera mentalt vekke, sjølv om ein er heime. Men eg føler eg har eit godt forhold til alle ungane.

Me går gjennom Skjepåsen, på leit etter ein fin stad å ta dei siste bileta til portrettet. Det er over ein månad sidan første gong me møttest, og Steinar kan røpa at det har vore ei viktig utvikling i samlivet sidan sist.

– Sist veke slo eg kona, seier Steinar.

Han smiler nøgd, der han ruslar bortover grusen. Han smilte sist me møttest òg, men prøvde ikkje ein gong å leggja skjul på at det var ein nedtur å koma bak kona i mål. No har orienteringsløpar Steinar endeleg fått revansj.

– Det gjorde godt. Hadde ho vunne over meg igjen, hadde det ikkje vore heilt greitt, flirer Steinar.

Han likar seg godt i naturen, anten det er på ski eller i kajakk. Eller springande rundt i skogen med kart, på leit etter neste post.

– Eg likar veldig godt å driva med desse tinga, utan at det er noko eg er veldig god til. Eigentleg er det heilt utruleg kor mange mogelegheiter me har her me bur, både i naturen og på jobb, seier Steinar.

Han helsar på ein joggar som kjem forbi, og fortel om ein båttur han skal på med nokre kundegrupper dagen etterpå. Me tar av inn på ein sti, og finn ein høveleg plass i lyngen.

– Om eg kan leggja meg ned der? Ja, det kan eg vel. Det er jo utruleg å berre kunna leggja seg ned i naturen, seier Steinar.

Han ser opp i kameraet.

– Eg manglar berre ein sigar no. Ikkje fordi det smakar godt. Det gjer jo ikkje det. Eg trur ikkje eg hadde klart å byrja å røykja om eg hadde prøvd ein gong. Men det er no sånne ting ein må gjera innimellom, for gimmicken si skuld. Ein må ha det litt moro.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut