annonse

Malin (22) si franske triumfferd

Triumfbogen
Triumfbogen: Malin fekk med seg alle dei store attraksjonane under opphaldet i Paris. Her er ho framføre Triumfbogen, på Place Charles de Gaulle. Bogen blei påbyrja i 1806 under Napoleon, som eit monument over han sjølv og den franske armeen, men ikkje fullført før 30 år seinare, under Frankrike sin siste konge, Ludvig Filip. (Foto: PRIVAT)
Shopping
Shopping: Ingen jentetur utan dyr og heftig shopping. Her svir Malin og Crystal Ann Christofferson av nokre kroner i ein skobutikk. (Foto: PRIVAT)
Torghandel
Torghandel: Malin, med fanget fullt av innbydande frukt. (Foto: PRIVAT)
Heitt
Heitt: På den varmaste dagen under opphaldet drog Malin til slottet i Versailles (i bakgrunnen), 20 kilometer sørvest for hovudstaden. 36.000 personar skal ha vore med å byggjeprosessen av slottet, som er det ultimate symbol på det absolutte einevelde. (Foto: PRIVAT)
Partyvenner
Partyvenner: Andra Maguire (t.v.) har jobba for Malin i tre år, og er blitt nære vener. Malin kallar henne for sin «partyven». Her er dei på båttur i Amsterdam, der dei la inn eit stopp på heimvegen. (Foto: PRIVAT)
Heime
Heime: Malin Langøy Aarbø fotografert heime i hagen hos mor og far, i Øklandslio. No drøymer ho om nye reiseeventyr. (Foto: MARIUS KNUTSEN)

I fire år drøymde muskelsjuke Malin Langøy Aarbø (22) om å reisa til Paris. I april blei draumen verkeleg.

Kjetil Østrem

– Det er klart, eg har lyst til å sjå verda. Men målet med turen til Paris var å testa kor langt eg klarte å pressa meg sjølv, og ikkje minst bevisa overfor meg sjølv at det var mogeleg, seier Malin Langøy Aarbø til Sunnhordland.

Journalist

Malin Langøy Aarbø er fødd med muskelsjukdomen spinal muskelatrofi, som fører til muskelsvinn. Ifølgje Foreningen for muskelsyke blir rundt 1 av 6.000 nyfødde råka av sjukdommen i vår del av verda.

Diagnosen har gjort Aarbø avhengig av rullestolen. 22-åringen lever likevel eit aktivt liv, og er i desse dagar i ferd med å avslutta første året på journaliststudiet på Høyskolen Kristiania i Bergen.

I ledige stunder og helger jobbar ho som frilansjournalist for Stordnytt. Tidlegare har ho også gjort journalistjobbar for Sunnhordland.

For å klara alle gjeremåla i kvardagen er ho avhengig av assistentar. Til saman har ho tilsett sju assistentar – tilsett gjennom Uloba sin Brukarstyrt Personlig Assistent-ordning (BPA) – som jobbar på skift med å gje henne tilsyn døgeret rundt. For å kunna gjennomføra Paris-turen, hadde ho med seg fire assistentar.

– Eg brukte nærare eit halvt år på å planleggja turen til Paris. Til slutt bestemte eg at me skulle køyra bil sørover.

– Er det umogeleg for deg å ta fly?

– Nei, det er ikkje umogeleg. Men fly og transport byr sjølvsagt på praktiske utfordringar. Og det kjem veldig an på flyselskapet. Uansett gjekk eg for bil denne gongen, fortel 22-åringen.

Få pausar

Frå Stord gjekk turen til Oslo, og ferja til Kiel. Reisefølgjet køyrde gjennom Tyskland og Belgia, før dei rulla inn i Frankrike, og til slutt Paris.

Torghandel
Torghandel: Malin, med fanget fullt av innbydande frukt. Foto: PRIVAT

– Turen nedover var krevjande. Me brukte berre tre dagar, så det seier seg sjølv at me hadde få pausar.

– Å fly er så trivielt at dei færraste truleg tenkjer særleg over det i kvardagen. For deg er det ikkje sånn. Kva tankar gjer du deg om det?

– Sjølvsagt tenkjer eg stundom at det hadde vore herleg å berre kunna kasta seg på eit fly. Men slik er det no ein gong ikkje for meg. Eg må berre sørgja for å bruka det eg har, og gjera det beste ut av situasjonen. At det er praktisk vanskeleg for meg å fly er eit faktum eg har akseptert for lenge sidan. Eg må prøva å finna andre måtar å gjera ting på. Men eg har ein draum om å reisa til USA ein gong, og då må eg nødvendigvis få organisert ein flytur, seier ho.

Utfordrande

Aarbø er ikkje ukjent med å dra på ferie. I barndommen drog ho ofte på feriar med familien sin. Men også då køyrde dei mykje bil – blant anna til Kroatia.

– Jada, me har farta mykje rundt, me, så eg er ikkje uvan med å vera på reisefot, fortel ho.

Store byar, derimot, har Aarbø avgrensa erfaring med. Mest fordi det er praktisk utfordrande, med mykje folk, høge fortauskantar og ofte – for henne – vanskeleg tilgjengelege undergrunnsbanar. Det var difor ei mektig oppleving å koma til Paris. Innanfor bygrensene bur det over to millionar menneske. I stor-Paris nærmar talet seg 10 millionar – altså dobbelt så mykje folk som i Noreg.

– Nei, eg er ikkje så byvant, akkurat. Og i Paris nytta eg meg ikkje av tog og buss. Det ville ha medført at assistentane måtte ha bore meg. Derimot gjekk det mykje i taxi. Me budde også veldig sentralt, som alltid er bra.

Brustein

Aarbø fekk likevel erfara at Paris sine brusteinslagde gater ikkje akkurat er enkle å forsera med rullestol.

– Den elektriske rullestolen vart parkert. Eg nytta meg av ein manuell rullestol, med betre hjul, som assistentane dytta meg rundt i.

Aarbø vedgår, med eit smil, at det var herleg å oppleva noko anna enn Stord.

Partyvenner
Partyvenner: Andra Maguire (t.v.) har jobba for Malin i tre år, og er blitt nære vener. Malin kallar henne for sin «partyven». Her er dei på båttur i Amsterdam, der dei la inn eit stopp på heimvegen. Foto: PRIVAT

– Paris er rett og slett ein fantastisk by. Eg likar å vera der det skjer, og me fekk blant anna med oss både Eiffeltårnet, slottet i Versailles og kunstmuseet Louvre.

Shopping

Paris er også eit shoppingmekka av dimensjonar, med status som Europa sin motehovudstad. Og Malin la att sin tjukke slant med Euro.

– Det blei ein del shopping, ja, og eg må vedgå at kredittkortet til tider gjekk litt varmt, smiler ho.

Før avreise hadde Aarbø høyrt at franskmennene skulle vera av det uhøflege slaget. Det inntrykket vart kraftig motbevist i løpet av opphaldet.

– Alle eg møtte var heilt fantastiske. Høflege og hjelpsame, og folk lét seg ikkje be to gonger om å hjelpa til og bæra rullestolen min opp trapper og forbi hindringar.

Stolte foreldre

Mor til Malin, Anne Lise Langøy, er stolt over dotter si, som tok steget og drog til Paris.

– Malin er veldig driftig, og ordnar og organiserer alt sjølv. Det der har ho full kontroll på.

Heime
Heime: Malin Langøy Aarbø fotografert heime i hagen hos mor og far, i Øklandslio. No drøymer ho om nye reiseeventyr. Foto: MARIUS KNUTSEN

Langøy fortel at ho og ektemannen alltid har oppmoda Malin til å gjera som ho har lyst til.

– Så lenge ho klarar det, så må ho berre ta seg ut. Eg tykkjer det er imponerande det ho får til, og ho er blitt ei veldig sjølv-stendig ung dame. Malin har jo avgrensingar, men det tek ho ikkje omsyn til. Ho vil ut og sjå verda, og det kjem ho nok til å halda fram med. Me får berre beskjed me om «at no stikk eg». Ho har stor vilje og gjennomføringsevne. Me er veldig glade for at ho er utstyrt med desse eigenskapane, for det er ikkje alle forunnt, seier Anne Lise Langøy.

Gode reiseopplevingar

Ingeleiv Haugen er leiar for Foreningen for muskelsyke i Hordaland og Sogn og Fjordane. Ho blir glad for å høyra at Aarbø hadde ei god oppleving i Paris.

– Me er godt kjende med at BPA gjev brukarane reiseopplevingar som er gode og likeverdige, og at dei får oppleva det same som funksjonsfriske. BPA gjer at ein kan leva det livet ein vil leva, også på reise. Dette har mykje å seia, ikkje minst for sjølvkjensla, noko som eg tykkjer at Malin beskriv godt i det ho fortel, seier Haugen.

Denne saka blei først publisert i magasinet Mitt Sunnhordland.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut