annonse

Skulpturguide for Stord

:
Kunstnarane

Kunstverk me omgjev oss med, men som me kan henda ikkje alltid legg merke til.

  • Atle Hansen

Klikk her for å utforska guiden i fullskjerm.

Det me omgjev oss med til dagleg, legg me etterkvart ikkje merke til. Steinen me snubla i dei første gongane me gjekk over han, løftar me foten automatisk over etter ei stund. Den skruen som mangla, og som me skulle komma tilbake til, gløymer me snart, eller overser. Uvanen kjærasten har, og som irriterer deg den første tida, og som du tenkjer at den skal du pitla av han eller henne, sluttar du å leggja merke til når litt tid har gått. Vegen du har køyrt til og frå arbeid i mange år, kjører du automatisk og når du kjem til krysset der du svingar, svingar du av, sjølv når du eigentleg hadde tenkt deg ein annan veg. Samfunnsendringar du først opponerte sterkt imot og som du framleis meiner er feil, lærer du å leva med og godta og gløyma neste gong det er val.
 
 
 
Orda me brukar til dagleg, renn utover av oss som ein straum av innlærde meiningar. Me treng ikkje tenkja over kva ord me skal velja, det kjem av seg sjølv. Me treng ikkje eingong seia orda eller setningane fullt ut, den me snakkar me forstår det likevel. 
 
 
 
Me lever liva våre halvt i skodde, for å seia det slik. Undermedvitet, dei innlærde rørslene, vanane, musklane sitt minne, automatikken i språket og i vårt daglege liv gjer det mogeleg å leva utan heile tida å måtta ta innover seg alt heile tida.
 
 
 
Kunsten er til for å retta merksemda vår mot det me har gløymt å leggja merke til. Kunsten er automatikken sin fiende. Kunsten lærer oss å sjå att. Kunsten gjer det kjente framand for våre augo og får oss til å sjå det på ny, meinte den russiske formalisten Viktor Sklovski.
 
 
 
Og kan henda er det difor kunsten stundom verkar som ein rein provokasjon folk. Kunsten tek fram ein liten flik av røyndomen og held han framfor nasen vår og seier, sjå her! Har du sett dette før! Har du sett dette på denne måten før! Har du tenkt at orda du brukar kan få heilt andre meiningar viss du set dei inn i nye samanhengar. Tenkte du på at me menneske eigentleg er fødde av sjøen. Me er sjødyra som er kropne på land og framleis må me først leva i vatn før me er sterke nok til å lys og luft. Me er alle fiskedamer og fiskemenn.
 
 
 
Det rare er at sjølv kunstverk som fekk folk til å hissa seg opp og gå heilt frå skaftet i lesarinnlegg og kommentarar på internett, etter ei tid verte tekne for gitt. Ein sluttar å sjå skulpturen ein går forbi kvar dag. Ein sluttar å tenkja over kvifor i himmelens namn ein har måla eit stygt bilete på ein vegg. Ein ergrar seg ikkje over at kommunen har brukt pengar på noko så hårreisande som eit kunstverk. Ein ser ikkje kunstverket og ein merkar at samfunnet går sin skeive gang sjølv om det står der. 
 
 
 
Ikkje før nokon ein dag har endra noko som gjer at merksemda vert trekt den vegen att.
 
 
 
På Stord er det ei rad skulpturar og relieff i offentlege rom. Nokre er i offentleg eige, nokre er private. Nokre står mitt i glaninga til folk, andre er gøymde vekk på stader der dei nesten vert borte. Ved Vikahaugane sportssenter står det t.d. ein skulptur av Hugo Wathne plasser klin inn til veggen på parkeringsplassen.
 
 
 
Nokre av skulpturane er dårleg vedlikehaldne og andre er beint fram øydelagde, som Anna Grevstad sin skulptur «Tid og bevegelse» ved den gamle yrkesskulen og treskulpturane til Lillian Dahle ved inngangen til Tjødnalio skule er det berre restar att av.
 
 
 
Me har laga eit oversyn over dei skulpturane og relieffa som finst i friluft på Stord. Me tek ikkje stilling til om dei er fine eller stygge, vellukka kunstverk eller ikkje, me vil berre visa dei fram, setja nytt lys dei og kan henda få lesarane våre til å ta ein tur rundt for å sjå dei sjølv med eigne augo. Start gjerne på Leirvik molo der ein gong Skotfluo låg står no Sissel Tolaas si Storddør og helsar velkommen til ein fire kilometers spasertur rundt Leirvik der du både får sjå Torleiv Agdestein sin sitjande gut, litt gøymd i buskane ved inngangen til Sunnhordland museum, og Inga S. Søreide si fiskedame rett over vassyta ved utløpet til Vikabekkjen. 
 
 
 
Eller du kan setja deg på sykkelen og leggja turen rundt Sagvågen, eller til Rommetveit og få kunstopplevingar på vegen.
 
 
 
Og viss du på turen skulle oppdaga skulpturar me ikkje har teke med, så meld frå til oss, er du snill, så legg me dei inn i kartet.
 

Klikk her for å utforska guiden i fullskjerm.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut