E-avis og arkiv 1902–2017

Les e-avisa på iPhone og iPad

  • I appen vår kan du lesa Sunnhordland på iPhone og iPad.
  • Abonnentar får dagens avis og tilgang til heile arkivet frå 1902 til i dag.
  • E-avisa kan dessutan kjøpast i laussal gjennom appen.

Les e-avisa på Android

  • I appen vår kan du lesa Sunnhordland på Android-nettbrett og -smarttelefonar.
  • Abonnentar får dagens avis og tilgang til heile arkivet frå 1902 til i dag.
  • E-avisa kan dessutan kjøpast i laussal gjennom appen.

Velkomen til e-avisa!

Klikk her for å lesa avisa eller utforsk arkivet nedanfor.

E-avisa er ei elektronisk utgåve av papiravisa og inngår i alle abonnement hos oss.
Du kan lesa avisa frå klokka 23.00 kvelden før utgjevingsdagen, og du kan søkja i og lesa alle aviser frå 1902 til i dag.

Abonnement kan bestillast her.
Abonnentar registrerer seg på Abonnementsservice og treng berre å logga inn éin gong.
E-avisa er òg i App Store og Google Play. Logg inn med same brukarnamn og passord.

Klikk på avisframsida under for å opna dagens avis eller søk i arkivet vårt.

God lesnad!
Helsing Sunnhordland

Magasinet Mitt Sunnhordland

Me må heilt tilbake til 1. mai 1902 for å finna det første aviseksemplaret av Sunnhordland. Sidan den gongen er det produsert om lag 200.000 avissider. Kvar fysiske utgåve har blitt arkivert bak låste dører i Mediehuset Sunnhordland sine lokale i Borggata på Stord.

Våren 2016 blei alle avisene fram til 2006 digitalisert og sett saman som e-aviser. Årgangar etter 2006 var allereie digitale, som e-aviser. 15. september 2016 blei heile digitalarkivet, frå 1. mai 1902 og fram til dagens dato, gjort tilgjengeleg på Sunnhordland.no.

No kan Sunnhordland sine abonnentar bla i kva utgåve dei vil, kva tid dei vil - med datamaskin, nettbrett eller mobil.

Digitalarkivet er eit tilbod til Sunnhordland sine abonnentar. For å få tilgang til arkivet lyt ein registrera seg digitalt her.

Er du ikkje abonnent? Sjekk kva abonnement som passar best for deg her.

  • Søket skil ikkje mellom små og store bokstavar.
  • Set hermeteikn rundt for å søkja etter ein nøyaktig frase. Då skil søket dessutan mellom små og store bokstavar.
  • Avgrens gjerne søket ditt ved å bruka kalenderfunksjonen til å setja dato frå og til.
  • Feilkjelder:
    • Ikkje all teksten er perfekt skanna (OCR). Utydelege bokstavar kan vera tolka feil. Spesielt gjeld det dei gamle avisene med gotisk skrift.
    • Du får ikkje treff på ord som er delt med bindestrek ved linjeskift.
    • Nokre av avisene er skadde av flekkar og rifter.
    • Det hender at sidene er skorne så tett at dei siste eller første bokstavane på linja har gått tapt.

For å få maksimalt utbyte av eavisa og digitalarkivet, lyt du lasta ned appen eSunnhordland, gratis. Anten via App Store eller Google Play. Når det er gjort, loggar du deg på med brukarnamnet og passordet som du fekk då du registrerte deg som digital brukar. Så er arkivet klar til bruk på mobil eller nettbrett.

Les meir