Sunnhordland

Kraftig regn. Lett bris, 5,4 m/s.

Leirvik

7 °

Aktuelt

Dine sider

Papirutgåva

Les papiravisa som PDF

Tenester

Sunnhordland

Nettkamera

Leirvik, Stord

Her ser du utsikten frå redaksjonen til Sunnhordland på Leirvik, inn mot gjestehamna i Evjo. Hamna er knutepunkt mellom snøggbåtar og busstrafikk i Sunnhordland. I sentrum er det eit variert tilbod innan handel, kultur, uteliv og offentleg verksemd. Gratis trådlaust breiband i hamna.
Nettkamera Leirvik, Stord

Torget, Stord

Kameraet viser Torget på Leirvik og deler av Borggata frå Stord rådhus på Leirvik. Torget er Stord kommune sin tusenårsstad. På torget får ein kjøpt frukt, grønsaker, fiskemat, blomar og anna. Leirvik er regionsenter i Sunnhordland og administrasjons- senter i Stord kommune. Stord vart by i 1997 og er den største byen i verda som har nynorsk som skriftspråk.
Nettkamera Torget, Stord

Stord lufthamn Sørstokken

Kameraet viser utsikten mot Stord lufthamn Sørstokken. Lufthamna blei opna i 1985. Rullebanen er 1.460 meter. Nytt terminalbygg vart teken i bruk i august 2001, og ny brannstasjon kom i 2008. Faste ruter til Oslo.
Nettkamera Stord lufthamn Sørstokken

Svortland, Bømlo

Svortland er kommunesenteret i Bømlo, og har ei rad butikkar, fleire offentlege kontor, nokre kafear og eit hotell.
Nettkamera Svortland, Bømlo

Husnes båthamn, Kvinnherad

Husnes er største tettstaden i Kvinnherad. Her finn du over 50 butikkar, helsesenter, hotell, fleire restaurantar, idrettsanlegg, offentlege kontor og hjørnesteinsverksemda Sør-Norge Aluminium. Gjestehamna er kåra til den beste i Noreg to år på rad. Her er gratis trådlaust breiband, grill og høve for fotball, volleyball, hesteskokasting og golf.
Nettkamera Husnes båthamn, Kvinnherad

Vabakkjen, Stord

Krysset mellom E39 og og FV544 på Vabakkjen er ofte tungt trafikkert. Kameraet er frå Statens vegvesen.
Nettkamera Vabakkjen, Stord

Mehammar, Stord

Kameraet til Statens vegvesen viser føret på E39 ved Mehammar på austsida av Stord.
Nettkamera Mehammar, Stord

Høylandsbygd, Kvinnherad

Høylandsbygd ligg i sør-austre enden av øya Halsnøy i Kvinnherad, ved Høylandssundet. Bygda har litt over 400 innbyggjarar og folketalet i industribygda veks. Eide-Gruppen og Bergen Yards Halnøy Verft er dei største verksemdene. Det er butikk i bygdatunet. Nettkameraet er henta frå www.hoylandsbygd.no.
Nettkamera Høylandsbygd, Kvinnherad

Kulleseidkanalen, Bømlo

Kulleseidkanalen stod ferdig i 1856, og er i dag ein populær attraksjon for båtturistar. Kanaldagane, første helga i september, samlar mange tilreisande. Like ved vegen ligg matbutikk og bensinstasjon.
Nettkamera Kulleseidkanalen, Bømlo

Fitjar

Kommunesenteret på Fitjar har ei rad butikkar, kafe, bank, hotell, vidaregåande skule, kultur- og idrettsbygg. Bygda er kjent for revyane sine. Bak forretningsbygget du ser på biletet, ligg det ei god gjestehamn med gratis trådlaus breiband.
Nettkamera Fitjar

Sæbøvik, Kvinnherad

Halsnøy vert kalla "perlo" i Sunnhordland. Det bur like over 2000 menneske på øya. Sæbøvik er sentrum. Her er skule, samfunnshus, bakeri, kafear og fleire butikkar. Høgdepunktet kvart år er fiskefestivalen som samlar fleire tusen menneske. Biletet er henta frå fjordferie.net. I bakgrunnen til venstre ser du Fjelberg og Borgundøy.
Nettkamera Sæbøvik, Kvinnherad

Langevåg, Bømlo

Kameraet viser hamna i Langevåg og Langevåg bygdatun frå kontora til reiarlaget Eidesvik. Langevåg er den sørlegaste tettstaden på Bømlo. Herifrå går det ferje til Buavåg i Sveio. Langevåg Bygdatun er eit fleirbrukshus med kultur- og konferansesal og idrettshall.
Nettkamera Langevåg, Bømlo

Alsakernes, Kvinnherad

Kameraet til Statens vegvesen viser føreforhalda på fylkesveg 40 til Åkra og delar av den fagre, vesle bygda. Du ser òg delar av Åkrafjorden på biletet, og kva temperatur det er.
Nettkamera Alsakernes, Kvinnherad

Sjøsio, Fitjar

Kameraet viser utsikt frå handlehuset Odd Larsen. Nærmast ligg gjestehamna, som har gratis trådlaust breiband. I bakgrunnen til høgre ligg Fitjar Mek. Verkstad. Mot venstre ligg Fonno, ein av dei største av dei kring 300 øyane i kommunen.
Nettkamera Sjøsio, Fitjar

Fjellhaugen, Kvinnherad

Kameraet viser Fjellhaugen Skisenter i Kvinnherad. Skisenteret står ved terskelen til store turområde som strekkjer seg heilt inn til den sørlege delen av Folgefonna. Fjellhaugen Skisenter har fem kilometer lysløype vanlegvis preparert både for klassisk og skøyting, i tillegg til skitrekk.
Nettkamera Fjellhaugen, Kvinnherad

Hollundsdalen, Bømlo

Kameraet viser utsikt frå Finnås kraftlag. Hollundsdalen ligg i nærleiken av Svortland, og er eit næringsområde med nokre butikkar, byggjevareutsal og fleire høgteknologiske bedrifter.
Nettkamera Hollundsdalen, Bømlo

Tjødnalio, Stord

Utsyn mot Tjødnalio, ein av to skulekrinsar rundt den nest største tettstaden i Sunnhordland, Sagvåg. I bakgrunnen til venstre ligg Utslettefjellet, medan Kattnakken ligg til høgre. Sagvåg har kring 4000 innbyggjarar og ei flott båthamn og ei rad butikkar i sentrum.
Nettkamera Tjødnalio, Stord

Biletserie

Marit Larsen på Stord

A-Å