Gå til artikkelen

Skulpturguide for Stord

Kunstverk me omgjev oss med, men som me kan henda ikkje alltid legg merke til.

Klikk her for å utforska guiden i fullskjerm.

Det me omgjev oss med til dagleg, legg me etterkvart ikkje merke til. Steinen me snubla i dei første gongane me gjekk over han, løftar me foten automatisk over etter ei stund. Den skruen som mangla, og som me skulle komma tilbake til, gløymer me snart, eller overser. Uvanen kjærasten har, og som irriterer deg den første tida, og som du tenkjer at den skal du pitla av han eller henne, sluttar du å leggja merke til når litt tid har gått. Vegen du har køyrt til og frå arbeid i mange år, kjører du automatisk og når du kjem til krysset der du svingar, svingar du av, sjølv når du eigentleg hadde tenkt deg ein annan veg. Samfunnsendringar du først opponerte sterkt imot og som du framleis meiner er feil, lærer du å leva med og godta og gløyma neste gong det er val.
 
Orda me brukar til dagleg, renn utover av oss som ein straum av innlærde meiningar. Me treng ikkje tenkja over kva ord me skal velja, det kjem av seg sjølv. Me treng ikkje eingong seia orda eller setningane fullt ut, den me snakkar me forstår det likevel. 
 
Me lever liva våre halvt i skodde, for å seia det slik. Undermedvitet, dei innlærde rørslene, vanane, musklane sitt minne, automatikken i språket og i vårt daglege liv gjer det mogeleg å leva utan heile tida å måtta ta innover seg alt heile tida.
 
Kunsten er til for å retta merksemda vår mot det me har gløymt å leggja merke til. Kunsten er automatikken sin fiende. Kunsten lærer oss å sjå att. Kunsten gjer det kjente framand for våre augo og får oss til å sjå det på ny, meinte den russiske formalisten Viktor Sklovski.
 
Og kan henda er det difor kunsten stundom verkar som ein rein provokasjon folk. Kunsten tek fram ein liten flik av røyndomen og held han framfor nasen vår og seier, sjå her! Har du sett dette før! Har du sett dette på denne måten før! Har du tenkt at orda du brukar kan få heilt andre meiningar viss du set dei inn i nye samanhengar. Tenkte du på at me menneske eigentleg er fødde av sjøen. Me er sjødyra som er kropne på land og framleis må me først leva i vatn før me er sterke nok til å lys og luft. Me er alle fiskedamer og fiskemenn.
 
Det rare er at sjølv kunstverk som fekk folk til å hissa seg opp og gå heilt frå skaftet i lesarinnlegg og kommentarar på internett, etter ei tid verte tekne for gitt. Ein sluttar å sjå skulpturen ein går forbi kvar dag. Ein sluttar å tenkja over kvifor i himmelens namn ein har måla eit stygt bilete på ein vegg. Ein ergrar seg ikkje over at kommunen har brukt pengar på noko så hårreisande som eit kunstverk. Ein ser ikkje kunstverket og ein merkar at samfunnet går sin skeive gang sjølv om det står der. 
 
Ikkje før nokon ein dag har endra noko som gjer at merksemda vert trekt den vegen att.
 
På Stord er det ei rad skulpturar og relieff i offentlege rom. Nokre er i offentleg eige, nokre er private. Nokre står mitt i glaninga til folk, andre er gøymde vekk på stader der dei nesten vert borte. Ved Vikahaugane sportssenter står det t.d. ein skulptur av Hugo Wathne plasser klin inn til veggen på parkeringsplassen.
 
Nokre av skulpturane er dårleg vedlikehaldne og andre er beint fram øydelagde, som Anna Grevstad sin skulptur «Tid og bevegelse» ved den gamle yrkesskulen og treskulpturane til Lillian Dahle ved inngangen til Tjødnalio skule er det berre restar att av.
 
Me har laga eit oversyn over dei skulpturane og relieffa som finst i friluft på Stord. Me tek ikkje stilling til om dei er fine eller stygge, vellukka kunstverk eller ikkje, me vil berre visa dei fram, setja nytt lys dei og kan henda få lesarane våre til å ta ein tur rundt for å sjå dei sjølv med eigne augo. Start gjerne på Leirvik molo der ein gong Skotfluo låg står no Sissel Tolaas si Storddør og helsar velkommen til ein fire kilometers spasertur rundt Leirvik der du både får sjå Torleiv Agdestein sin sitjande gut, litt gøymd i buskane ved inngangen til Sunnhordland museum, og Inga S. Søreide si fiskedame rett over vassyta ved utløpet til Vikabekkjen. 
 
Eller du kan setja deg på sykkelen og leggja turen rundt Sagvågen, eller til Rommetveit og få kunstopplevingar på vegen.
 
Og viss du på turen skulle oppdaga skulpturar me ikkje har teke med, så meld frå til oss, er du snill, så legg me dei inn i kartet.

Klikk her for å utforska guiden i fullskjerm.

Kunstnarane

Torleiv Agdestein
(1883-1959) voks opp på Stord saman med m.a. Severin Eskeland og søkte seg til Voss folkehøgskule der Severin sin eldre bror Lars Eskeland var styrer. Etter læretid i treskjering hos Lars Kinsarvik arbeidde han på Johannes Tvedt sin verkstad i Kristiania. Samstundes gjekk på Den kgl. Tegneskole i 2 ½ år med Lars Utne som lærar.
Han debuterte på Høstutstillingen 1912 med aktfiguren Siddende gut og ein byste. Portrettet vart hans viktigaste felt framover.
Agdestein gjorde mange utkast til monument, utan å få utført nokon av dei, m.a. over Vinje, Garborg, Bjørnson, Holberg, Myllarguten, Håkon den gode, Olav Kyrre og til Eidsvolds- og Sjøfartsmonument. Først etter 1945 fekk den stillfarne kunstnaren bestilling på ein portrettstatue i bronse av Lars Eskeland (avduka 1949 på Voss). Han utførte også Minnesmerke over dei falne ved Stord kyrkje (bronse, 1950). Etter at han døydde gav arvingane gipsmodellane hans, i alt 141 nummer, til Sunnhordland museum, der dei fleste i dag er plasserte i magasinet og ikkje tilgjengelege for publikum.

Sissel Tolaas
Sissel Tolaas (fødd 1959 i Stavanger, voks opp på Stord) er kjent både for skulpturar og for arbeid med lukter. Ho har sidan 1986 budd og arbeidd i Berlin.
Tolaas utdanna ved Vestlandets Kunstakademi, Bergen, kunstakademi i Warszawa og Poznan og fullførte ved Kunstakademiet i Oslo i 1985. I 1986 fekk ho eit stipend for å arbeida i Berlin, og har sidan budd der.
Ho har bidratt til Skulpturlandskap Nordland med installasjonen «Vindenes hus» i Alstahaug, og laga «Storddøra» i innseglinga til Leirvik. Ho har stilt ut og har hatt kunstprosjekt verda over.

Ørnulf Bast
Ørnulf Bast (1907-1974) var ein av 1900-talets mest allsidige og produktive bilethoggarar i Norge, og er særleg kjent for dyreskulpturar og offentlege monument.
Han studerte ved Statens Kunst- og Håndverksskole under Torbjørn Alvsåker 1927 og deretter på Kunstakademiet under Wilhelm Rasmussen 1928-30.
Ørnulf Bast vart ein av dei mest avhaldne av dei norske bilethoggarane i sin generasjon. Sjølv om bronseskulptur var ein av spesialitetane hans, er det kanskje i behandlinga av steinen som materiale at han nådde høgast. Den mjuke relieffstilen i stein som han utvikla, var eit kunstnerisk produkt med stort gjennomslag i samtida.
Han fekk Kongens fortenestemedalje i gull 1950.

Bård Breivik
Bård Breivik (er fødd 1948 i Bergen). Han er bilethoggar og skulptør og arbeider i hovudsak med konkrete objekt som skulptur.
Han er utdanna frå Bergens Kunsthåndverksskole (1967-1970), og Central Saint Martins College of Art and Design i London (1970-1971).
Breivik er oppteken av handverkstradisjonar, og har gjennom åra og under fleire omfattande utanlandsreiser studert og brukt forskjellige handverksteknikkar i sine arbeid. Han har ca. 70 utstillingar over hele verda bak seg. Han er innkjøpt av museum og samlingar i Norden, Vest-Europa og Nord-Amerika. Han har utført ei rekke offentlege og private utsmykkingar. Et større arbeid i det offentlege rom er søylene på Torgallmenningen i Bergen.

Sigurd Bronger
Sigurd Bronger (fødd 1957) er ein norsk kunsthandverkar og smykkedesignar, busett i Oslo
Han vann David-Andersens designkonkurranse 1987, har fått Norges Gullsmedforbunds Designpris i 1996 og 2004 og Jacobprisen i 2010. Han er innkjøpt av Victoria and Albert Museum i London, Het Stedelijk Museum i Amsterdam, Nationalmuseum i Stockholm og Kunstindustrimuseene i Oslo og København.

Arne Mæland
Er fødd i Etne i 1950, driv eige atelier og galleri i Solbakken i Os. Han arbeider med skulptur i bronse, marmor og med måleri. Mæland er lærar av utdanning, men arbeider som heiltids kunstnar. Han hatt mange store - offentlege og private - oppdrag i Norge og i utlandet. Arne Mæland er initiativtakar til og leiar for dei internasjonale skulptursymposia i Os, med kunstnarar frå heile verda.

Hugo Wathne
Hugo Frank Wathne (f. 1932 i Stavanger) er ein norsk bilethoggar.
Han er utdanna frå SHKS 1950-54, Statens Kunstakademi 1954-57 og Kunstakademiet i København og Academie de la Grande Chaumiere, Paris. Han debuterte på Høstutstillingen i 1957.
Blant arbeida hans kan nemnast minnesøyle over Jens Zetlitz 1999, monument over Arne Garborg ved Knudaheio 2001 og Oljearbeidermonumentet i Stavanger 2002. Wathne arbeider både figurativt og nonfigurativt.
Han fekk Stavanger Aftenblads kulturpris i 1977 og Ingeborg og Per Palle Storms ærespris i 2009.
(Kjelde: Wikipedia)

Odd Sande
(1934-2008) var lærar på Stord lærarhøgskule frå 1964 og var med å byggja opp formingsavdelinga der. Han var ein sentral kunstformidlar og -pedagog både på høgskulen og i lokalmiljøet elles på Stord.

Anette Kofoed
Ho er fødd 24.12.1956 og bur i Dalskroken 3 A, 1405 Langhus. Koefoed har utdanninga si frå Statens Kunstakademi (1983-1984) og Vestlandets Kunstakademi Bergen (1979-1982).

Kristian Blystad
Kristian Blystad (fødd 18. mars 1946 i Bergen) er ein norsk bilethoggar med base i Sarpsborg. Han har utdanning frå Bergens Kunsthåndverkskole og Statens Kunstakademi (1972-76).
Han debuterte på Vestlandsutstillinga i 1968. Blystad har hatt utsmykkingsoppdrag blant anna ved Regjeringsbygget, Stortinget, Sjøkrigsskolen, Norsk vegmuseum og Operahuset i Oslo. I Ulvik står Kristian Blystads monument over Olav H. Hauge.
Den 2. november 2007 vart han utnemnt til kommandør av St. Olavs Orden for sin innsats som bilethoggar og bidrag til norsk og internasjonal arkitektur. Han tok imot Anders Jahres kulturpris i 2011.

Per Flatøy
er fødd i 1946 på Stord. Busett i Sagvåg på Stord der han har eige atelier og galleri. Er utdanna ved Norsk Kunsthandverksskule 1970-71. Har seinare studert måleri og tresnitt hos framståande, kjende biletkunstnarar.

Johannes Block Hellum
er fødd i 1938. Han var elev ved Statens handverks- og kunstindustriskule, metallavdelinga 1966-67 og av Per Palle Storm ved Statens Kunstakademi. Dreiv 1968-75 eigen sølvsmedverkstad, har sidan arbeidd som bilethoggar. Han har utført ei rad offentlege arbeid, bl.a. Minnemonumentet over de omkomne i Alexander Kielland-ulykken, Stavanger (1986), relieff til Bodø lufthamn (1991) og utsmykking til Aust-Agder sykehus (1992).

Sofus Madsen (1881-1977)
Sofus Madsen er ein av våre mest kjente bilethoggarar og særleg i Bergen kan ein sjå ei rad av hans arbeid, m.a. Merkus på C. Sundt, Sprinteren ved Brann Stadion, Grinegutten ved Lille Lungårdsvann og Morgendemring i Nygårdsparken. I Haugesund står det velkjente fiskarmonumentet.

Trygve Barstad
er fødd i 1951 og frå Flatdal i Seljord kommune. Han er kjent for ei rad store monument i Skien, Langesund Skotfoss og Seljord m.a.

Marit Lyckander
er fødd i 1954 i Oslo. Ho er utdanna ved Statens Håndverks- og Kunstindustri skole (1973 - 1977) og Statens Kunstakademi (1977 - 1982) i Oslo og seinare i Pietresanta i Italia.
Lyckander hadde si første separatutstilling i Galleri Tanum i Oslo 1984. Sidan har ho hatt fleire utsmykkingsoppdrag i både inn- og utland.

Anne Marie Grimdalen
Anne Marie Grimdalen (fødd 1. november 1899 i Tokke, død 3. oktober 1961) var ein norsk bilethoggar. Ho arbeidde hovudsakleg med granitt, men også med bronse.
Grimdalen er spesielt kjend for dei mange dyreskulpturane sine, som er laga i ein enkel stil og ofte i granitt, som til dømes Gaupe (1928) og Bjørn (1933). Grunnen til at ho byrja å lage dyreskulpturar var eit bestillingsverk av bjørnungar frå Tilla og Otto Valstad i Asker. Ho bidrog også til utsmykkinga av Oslo Rådhus, Ho er representert på Nasjonalgalleriet med Jenta på hesten av bronse frå 1931. Seinare arbeid er monumenta av Anders Hovden (1958, Ørsta), Audun Hugleiksson (1959, Jølster) og Håkon den Gode (1961, Fitjar). Om lag 40 av verka hennar er i offentleg eige. Anne Grimdalen hadde kunstnarløn frå staten frå 1959 og fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1950 for utsmykkingane sine ved Oslo Rådhus.
(Kjelde: Nynorsk Wikipedia)

Leif Hedman
fødd 1954 i Vennesla. Bur og arbeider på Fitjar der han er lærar på den vidaregåande skulen. Hedman har utdanning frå Rauland Folkeakademi, Norsk kunstskule på Voss, Statens kunsthandverkskule i Oslo og har vore assistent hos bilethoggaren Asbjørn Høglund i fire år. Han har hatt ei rad separatutstillingar og har utsmykkingar m.a. i Politihuset og Det Norske Teatret i Oslo.

Arna Grevstad
Fødd 29. august 1916 i Andøy i Vesterålen.
Har studert ved Gabriel Dahls malerskole, Bergen 1950-52; Vestlandets kunstakademi. under Hugo Arne Buch 1965; Waldemar Stabells malerskole, Bergen 1966-68; Sommerskolen, Voss 1966-68, -70, -71; Vestlandets kunstakademi. under Hugo Wathne 1969-72; teknisk kurs i sveising ved Norgas, Bergen 1968.

Anny Aak
er fødd i Bergen i 1928. Ho debuterte med skulpturen Tid på Statens høstutstilling i 1970. Har studert ved Vossaskulen og på Studieatelieret under Hugo Wathne. Ho har arbeidd mykje med stålskulpturar og har også jobba som sveisar på Bergen Mekaniske Verksted. Aak har hatt mange store offentlege utsmykkingar i Bergen.

Inga S Søreide
er fødd i 1982 på Stord, men bur og arbeider i Bergen. Ho er utdanna ved kunstakademia i Oslo og Bergen og Kunsthochschule Berlin-Weissensee i Tyskland m.a.
Ho har delteke på ei rad utstillingar i inn- og utland.

Gerhard Stoltz
(f. 1948) Biletkunstnar, illustratør og forfattar. Han er fødd i Bergen, men busett på Tysnes. Han har gitt ut ei rad bøker for born og vaksne og illustrert fleire av Einar Økland sine bøker. Stoltz har delteke på ei rad utstillingar både separat og kollektivt og hat fleire utsmykkingsoppdrag, særleg i Bergen.