annonse

Agdestein klar for Aalesund

Flyttar på seg
Flyttar på seg: Torbjørn Agdestein fekk det aldri heilt til i Odd. No tek han eit steg ned til Obos-ligaen, og har meldt overgang til Aalesund, på nivå to. (Foto: JOAR HYSTAD / arkiv)

Har signert treårskontrakt med Obos-laget.

Kjetil Østrem

I morgontimane onsdag blei Torbjørn Agdestein klar for Aalesund, etter overgangen frå Odd.

– Dette er veldig spennande. I mitt hovud er AaFK ein eliteserieklubb, og det er eg sikker på at dei meinar her også. Eg er ganske sikker på at eg har kome til ein klubb som satsar hardt, og at spelarane er sugne på å gå rett opp i eliteserien, seier Agdestein til AaFK si heimeside.

Agdestein fekk det aldri heilt til i Skien, etter overgangen frå FK Haugesund til Odd før fjorårssesongen.

I AaFK skal Agdestein spela under leiing av tidlegare Premier League-profil og Drillo-favoritt Lars Bohinen, som overtok trenarjobben hos oransjetrøyene etter fjorårssesongen. 

Stordabuen har tidlegare også spela for Stord og Brighton.

Les også: Gloheit Agdestein scora fire mål

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut